Beianissen hadde ein travel julaftan. Mange gåver han hadde med seg i sekken skulle delast ut.
Beianissen hadde ein travel julaftan. Mange gåver han hadde med seg i sekken skulle delast ut.

Travel kveld for Beianissen

Julaftan var travel for Beianissen.

Like etter kyrkjetid julaftan kom Beianissen gatelangs på ski i Lakkergata i Nesbyen sentrum.

Då hadde han løypa ned like frå fjellet Beia og ned til Rukkedalen før han gjekk skogalangs ned til sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skiføret var ikkje av det beste ned lia, men eg har køyrt løypa mange gonger før, sa Beianissen og viste fram sine Skilom-treski frå 1960-talet med tre rendar og Kandaharbindingar.

Men ikkje mange er like gode frikøyrarar som Beianissen, og trygt nede i sentrumsgatene venta fleire oppdrag hjå forventningsfulle born.

– No har eg akkurat vore hjå ein familie og delt ut gåver frå sekken min. Dei vart veldig glade, sa Beianissen.

I lang tid har han førebudd seg på årets høgdepunkt, og Beianissen syntest det var godt å endeleg kome seg ut. Mange vart overraska over å få nissen på døra.

– Eg møtte ein kar borte i vegen her som gjorde seg klar for feiring. «God jul», sa han då han såg meg. «God jul», svara eg og gjekk vidare. Det er alltid stas å overraske folk, sa Beianissen på sin veg gjennom Nesbyen.