Fv40 er stengt på sørsida av Dagalifjell fordi et vogntog står fast.

Trailer sperra vegen i seks timar

Ein litauisk semitrailer stod onsdag ettermiddag på tvers i ein sving på Fv40 i Uvdal.

Det var ved 14-tida onsdag at semitraileren fekk problem i svingen nedanfor Uvdal Høyfjells- og Hyttesenter. Traileren kom seg ikkje vidare, og det danna seg køar på begge sider.

– Det er svært irriterande og stå her og vente, seier ein bilførar som kontakta Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen vart fyrst opna att i 20-tida onsdag, seks timar etter at semitraileren fekk trøbbel.