Brann i einebustad på Gol
Brann i einebustad på Gol

Totalskadd i brann - for andre gong

Ein familie i Gol fekk huset totalskadd i brann torsdag ettermiddag. Ein tilfeldig forbipasserande oppdaga at flammane stakk ut av vindauga.

Huset ligg kring 30 meter frå riksveg 7 sør for Rotneim i Gol. Ein bilist som passerte klokka 1418 melde frå til politiet om både røyk og flammar frå vindauga. Det viste seg at det ikkje var folk i huset.

– Me har rutinemessig oppretta sak, og startar med taktisk etterforsking. Huset er totalskadd. Åstaden er sikra og me vil undersøkje nærare når det er klart for det, seier Brit Fyksen, etterforskingsleiar hos politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har brent tidlegare

Politiet er kjent med at det ikkje er første gong huset brenn. Natt til 10. januar 2001 utvikla det seg ein brann på loftet i same hus. Brannen starta i ein elektrisk koplingsboks.

Faren i huset uttala til Hallingdølen den gongen at dei tilfeldigvis var vakne, fordi minstejenta var sjuk og hadde kasta opp. Dermed høyrde dei også røykvarslaren då den gjekk.

Familien ønskjer ikkje å kommentere saka no. Dei opplever ein ny brann vel 13 år etter den førre som svært belastande.

Huset ligg berre 30 meter frå riksveg 7
Huset ligg berre 30 meter frå riksveg 7
Brannen skapar ikkje større trafikale utfordringar, opplyser politiet.
Brannen skapar ikkje større trafikale utfordringar, opplyser politiet.

– Har politiet noko å gå etter denne gongen?

– Me vil finne årsaka, men førebels har me ikkje noko konkret å gå etter, seier Fyksen.

– Omfattande brann

Hallingdal brann- og redningsteneste rykte ut frå to avdelingar, stasjonane i Gol og Ål.

– Det var ein stor brann. Me hadde røykdykkar inne, men måtte gi opp. Brannen var komen for langt. Me visste det ikkje var folk inne. I staden måtte me konsentrere oss om sløkking utvendig. Det vart ein omfattande brann og huset er heilt utbrent, seier brannsjef Dag Botnen.

Fordi det ikkje var tilgang på sløkkjevatn i nærområdet, vart også ein tankbil frå Hol rekvirert. Det stod ikkje på vasstilgangen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare etterforsking

Politiet vil rutinemessig gjennomføre avhøyr av forbipasserande og medlemmene i husstanden.

Det som vanlegvis skjer vidare er at politiet set ned ei gruppe, der både brannvesen og Eltilsynet fungerer som rådgjevarar.

Operasjonssentralen i Nordre Buskerud politidistrikt kunne alt torsdag ettermiddag opplyse at det ikkje var folk i huset. Ein hund som stod i band ikkje langt frå vart teken hand om.

Huset var elles overtent då brannmannskapa og nødetatane kom på staden. Klokka 15.45 opplyste politivakta på Hønefoss at sløkkingsarbeidet var under kontroll.