Stafett: Vetle Sjåstad Christensen i aksjon i Oberhof laurdag.

Tøff helg for Christiansen, lykkast ikkje på korkje stafett eller fellesstart

Norge tok laurdag sølv i stafett i VM i skiskyting. Vetle Sjåstad Christiansen fekk ein hard start. Heller ikkje på sundagens fellesstart gjekk det vegen for geilingen.

Det såg ikkje lyst ut då Vetle Sjåstad Christiansen veksla etter fyrste etappe på laurdagens stafett, eit minutt bak teten. Men Sturla Holm Lægreid og Bø-brørne sytte for at Norge etter kvart berga sølvet, 50 sekund bak suverene Frankrike og langt framfor Sverige.

Men det vart totalt to strafferundar og 14 ekstraskot for Norge. Det er, ifølgje VG, dårlegaste skyting i ein VM-stafett sidan Pokljuka i 2001.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vetle Sjåstad Christiansen hadde ikkje ein god start. Først bomma han to gonger på liggande skyting. Han henta inn litt i sporet, men fekk tre nye bom i andre skyting.

– Det var mitt livs kamp. Det var knallhardt, sa Christiansen til NRK.

Det var nye medaljesjansar sundag, då herrane gjekk fellesstart i VM. Men Vetle Sjåstad Christiansen vart nummer tolv, mens Johannes Thingnes Bø kjempa seg til tredjeplass etter svensk dobbeltsiger og med Sturla Holm Lægreid på fjerdeplass.

Vetle Sjåstad Christiansen frå Geilo og Norge før stafetten i VM i skiskyting 2023 i Oberhof i Tyskland.
Les også
– Eg var aldri redd for at han skulle kome etter oss. Eg var redd han ikkje skulle overleve den natta sjølv
Les også
Møte mot ein svart vegg