Advokatfullmektig Susanna Aschehoug hjelper aktorane Lahm Hung Phan og Joachim Wembstad på med kappene.
Advokatfullmektig Susanna Aschehoug hjelper aktorane Lahm Hung Phan og Joachim Wembstad på med kappene.

Tøffingar i svarte kapper

Med svarte kapper i ein ekte rettssal. Høgtideleg og realistisk på same tid.

Advokatfullmektig Susanna Aschehoug hjelper aktorane på med dei svarte kappene. På motsett side gir advokat Olaf Kristian Saggau Holm forsvararane dei siste gode råd før dommarane kjem inn i rettssalen. I spissen for dei kjem Elias Magan, i svart dommarkappe.

Nede ved døra følgjer lærar Jan Erik Halvorsen spent med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei færraste har ei førestelling om korleis det er å vere i ei rettssal, seier Halvorsen.

På djupt vatn

Han er lærar på Gol vidaregåande skule, og denne føremiddagen er det elevar i 2. klasse som er kasta ut på djupt vatn. Det blir ein annleis time i sosiologi.

Elevane skal lære om rettsstaten og korleis samfunnet behandlar avvik. Å sitje på tiltalebenken i tingretten og få ein dom, må utan tvil kallast eit avvik. Denne dagen er det Thea Flæten som sit der, i rollespelet heiter ho Sigurd Berg. Og scena er verkeleg nok. Ein ungdom er slått ned i Gol sentrum av Berg. Han er tiltalt etter paragraf 228 i straffelova som omhandlar lekamsfornærming.

Thea Flæten spelte den tiltalte. Til venstre for henne står aktorane Joachim Wembstad, Harald Løstegård og Lahm Hung Phan og til høgre forsvararane Endre Morina og Vebjørn Hagen Friis.
Thea Flæten spelte den tiltalte. Til venstre for henne står aktorane Joachim Wembstad, Harald Løstegård og Lahm Hung Phan og til høgre forsvararane Endre Morina og Vebjørn Hagen Friis.
Fornærma i saka, Mats Olsen, alias Teun Witteveen, på veg ut etter å ha vitna.
Fornærma i saka, Mats Olsen, alias Teun Witteveen, på veg ut etter å ha vitna.
Harald Løstegård legg ned ein frisk straffepåstand. Nærmast sit Lahm Hung Phan og Joachim Webstad.
Harald Løstegård legg ned ein frisk straffepåstand. Nærmast sit Lahm Hung Phan og Joachim Webstad.
Dommarfullmektig Stein Erik Sandbekk var interessert observatør – på bakarste benk for ein gong skuld.
Dommarfullmektig Stein Erik Sandbekk var interessert observatør – på bakarste benk for ein gong skuld.
Meddommar Saredo Mohamoud Farah, til venstre, administrator Elias Magan og meddommar Marte Kollhus.
Meddommar Saredo Mohamoud Farah, til venstre, administrator Elias Magan og meddommar Marte Kollhus.
Ikkje skuldig, seier tiltalte Sigurd Berg, alias Thea Flæten. Til venstre sit forsvarar Vebjørn Hagen Friis og til høgre «coach», advokat Olaf Kristian Saggau Holm.
Ikkje skuldig, seier tiltalte Sigurd Berg, alias Thea Flæten. Til venstre sit forsvarar Vebjørn Hagen Friis og til høgre «coach», advokat Olaf Kristian Saggau Holm.
Advokat Olaf Kristian Saggau Holm gir gode råd til Thea Flæten, nærmast og forsvararane Vebjørn Hagen Friis og Endre Morina.
Advokat Olaf Kristian Saggau Holm gir gode råd til Thea Flæten, nærmast og forsvararane Vebjørn Hagen Friis og Endre Morina.

Streng påstand

Aktor Harald Løstegård er ikkje snau når han krev fengsel i eitt år. Det har knapt vore lagt ned ein strengare påstand innanfor desse veggene for ein blåveis og naseblod.

Men pytt, pytt. Her blir det ikkje spara på krutet. Berg må i vitneboksen, hugsar ikkje noko, slik ein ofte høyrer her, han blir aggressiv når han har drukke og slo i sjølvforsvar. Fornærma Mats Olsen, alias Teun Witteveen, hadde fått seg ein på tygga då han bad Berg halde seg unna veslebror hans. Med andre ord: Ein ikkje uvanleg laurdagskveld utanfor ein spisestad i Hallingdal.

Praktisk læring

Berg vart funnen skuldig, men dommarane syntest kravet om fengsel i eitt år var i strengaste laget. Dei landa på samfunnsstraff i 60 timar.

Dette var tredje gongen Hallingdal tingrett opna rettssalen for elevar på Gol vidaregåande skule. Dommarfullmektig Stein Erik Sandbekk var observatør på bakarste benk for ein gong skuld og humra godt over det han såg og høyrde.

– Dette er ein fin måte å lære om rettssystemet på, det er praktisk læring, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevane sjølve var fornøgde. Litt nervøse og spente på førehand sjølvsagt. Og så var det både arbeidsamt og litt krevjande.

– Men det er nok tøffare å sitje i retten i verkelegheita, var dei samde om.