Ein skulebuss har køyrt av vegen i Nes.
Ein skulebuss har køyrt av vegen i Nes.

To turistar gjekk seg bort

To tyske turistar gjekk seg bort på Geilo laurdag kveld. Vart funne etter to timar.

Politi og frivillig mannskap rykka ut til området rundt Prestholtskarvet for å forsøke å finne dei sakna rundt klokka 19 laurdag kveld.

Det var vanskelege forhold med tåke og lett regn i området.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei frivillige sleit med sikt. På grunn av tåka såg ein berre 15 meter, melde operasjonsleiar hjå Sør-Øst politidistrikt.

Politet var i kontakt med dei sakna på telefonen, men dei gjekk tom for straum.

- Det er krevjande arbeid, men me hadde ein del å gå etter, fortel oprasjonsleiaren. 

 

Dei sakna var funne like før klokka 21 same kveld av Røde Kors sine leitelag.

- Turistane er i god behald. Dei er kalde men trengjer ikkje ytterlegare helsehjelp, avsluttar operasjonsleiaren.