Skarslia Appartement, kan bli selt med tvang fordi Hallingdal tingrett har kravd det.
Skarslia Appartement, kan bli selt med tvang fordi Hallingdal tingrett har kravd det.

Tingretten krev at Skarslia appartement skal seljast

Skarslia appartement er til sals. Bakgrunnen er eit krav frå Hallingdal tingrett.

Det blir arbeidd med å finne ei løysing for bedrifta utan å selje, men så langt har ikkje dette resultert i at eigedomen er trekt frå marknaden.

Prisen for turistbedrifta i Vats er sett til 7,5 millionar kroner. Primært ynskjer ikkje eigarane å selja.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tvangssal er ein lang prosess. Sjølv om ein eigedom blir lagt ut for sal, betyr det ikkje at den er konkurs, seier June Merete Langeland i Privatmegleren.

Selskapet har jamleg oppdrag av dette slaget frå tingretten, men det er ikkje gitt at tvangssal fører til eigarskifte. Om det skulle kome inn bod, vil det normalt gå tre månadar før ein kjøpssum blir stadfesta. Dersom bakgrunnen for tvangssalet løyser seg tidlegare, blir tvangssalet stoppa.

Jobbar med å finne løysing

Skarslia Appartement har ein takst på 7,5 millionar kroner. Det har vore ein del turbulens kring fjelleigedomen dei siste åra. Bedrifta er knytt tett opp til landbrukseigedommen Skarsgard som det har tvistesak om i både tingrett og lagmannsrett. Saka enda med ei odelsløysingssak. Denne tapte brørne Ståle Skarsgård Eggestøl og Sondre Skarsgård Eggestøl. Sondre Eggestøl eig skitrekket og driv Skarslia appartement. Etter å ha tapt i lagmannsretten sa han til Hallingdølen at var usikker på om han ville drive vidare.

Fleire til sals

Det er for tida fleire ledige næringseigedommar i Hallingdal. Liodden camping i ytre Nes er til sals for 2,9 millionar kroner. I same kommune vart Sutøya feriepark, som også er ein campingplass, lagt ut i fjor. Prisforslag er 7 millionar.

Fjellheim på Golsfjellet ligg ved Fv51 og er til sals for kring 3,5 mill.

Ein må legge i nær tre gonger så mykje for å kome opp på verditaksten for Myrland turist- og servicesenter, som ligg langs Fv50. Takst og prisforslag er 9,5 millionar kroner.

I Ustedalen er Tuftelia Jons kro på marknaden. Utropspris er 8,2 millionar kroner. Dette er om lag det same som seljar håpar å få for næringsbygget i Gullhagen i Ål, der Hallingmøbler har halde hus i mange år.