Nes-politikarane, her representert ved ordførar Tore Haraldset (Nes bygdeliste), Rune Ihle (H) og Lars Brattested (Nes bygdeliste) har fått i oppgåve frå KS-Konsulent å laga ein tiltaksplan fram mot betre samarbeidsklima. (Arkivfoto)
Nes-politikarane, her representert ved ordførar Tore Haraldset (Nes bygdeliste), Rune Ihle (H) og Lars Brattested (Nes bygdeliste) har fått i oppgåve frå KS-Konsulent å laga ein tiltaksplan fram mot betre samarbeidsklima. (Arkivfoto)

Tiltaksplan for betre samarbeid

Vil ein tiltaksplan redde samarbeidsklimaet i Nes kommune?

– Det er semje om å lage ein slik plan, seier ordførar Tore Haraldset.

Torsdag la KS-Konsulent fram rapporten på oppdrag frå Nes kommune. Temaet i denne er samarbeidsproblema og samhandlinga mellom politikk og administrasjon. Rapporten set ikkje fingeren på ei bestemt årsak til at samarbeidsklimaet ikkje har vore det beste, men det blir foreslått å lage ein tiltaksplan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innspel

Fleire forslag til tiltak er lista opp i rapporten.

Etter at rapporten var lagt fram brukte kommunestyret og representantar frå administrasjonen fredag på å drøfte rapporten. Det var full semje om at KS-Konsulent lagar ein tiltaksplan med bakgrunn i dei innspel som kom på møtet.

– Nyttig

– Eg synest dette var ei nyttig samling, seier Haraldset.

– Fekk de lufta ut?

– Folk fekk sagt det dei ville. Men me må ta steg for steg og bruke den tida me treng. Og me må nok også gå i oss sjølve. Men eg føler at me er komne eit steg vidare og at me går i rett retning, seier Tore Haraldset.

Rådmann Torbjørn Hansen seier det slik:

– Det blir starta ein prosess som «tek oss i rett retning». Den må forankrast i formannskapet, og så må me få ei forståing som tek oss i mål.