Gol vart tidlegare i veka råka av ein vasslekkasje.
Gol vart tidlegare i veka råka av ein vasslekkasje.

Tilrår å koke drikkevatnet i Gol

På grunn av ein vasslekkasje har vatnet vore avstengt i Gol sentrum.

Onsdag morgon hadde dei fleste fått att vatnet, men Gol kommune tilrår koking.

Kommunen må finne ut kvifor lekkasjen oppstod, og vil koma med meir informasjon til innbyggjarane når dei veit meir.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innbyggjarar i Gol fekk beskjeden via sms natt til onsdag.

Meldinga til innbyggjarane er det er tilrådd å koke drikkevatnet fram til det føreligg svar på vassprøver.