Dette biletet er frå testing i Ål i januar i år.

Testa positivt for koronaviruset på dag sju av karantenen

Ein turist i Ål fekk laurdag positivt svar på koronaprøve.

Vedkommande hadde ifølgje ordførar Solveig Vestenfor vore i utlandet, og kome til Ål for å vere i karantene.

Når du kjem frå utlandet og ikkje er på karantenehotell, er det krav om ny koronatest på dag sju av karantenen. Personen i Ål kom derfor på legevakta for å ta prøven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den slo ut positivt, og Ål har dermed fått registert eit nytt smittetilfelle. Personen har ingen nærkontaktar utover eitt husstandsmedlem. Såleis får ikkje tilfellet nokre ringverknader.

Slik er smittestatus i Hallingdal, frå måndag 22. mars til no:
KommuneTal på smitta
Flå0
Nesbyen0
Gol2
Hemsedal8
Ål3
Hol0
Les også
Fire personar til legesjekk etter hyttebrannen
Les også
No må dei begynne å si nei til kundar
Les også
Tek dei seg råd til å kjøpe heile stasjonsområdet?