Ekteparet Sven og Sonja Jorfald har budd 14 år i Opheim utan bil.

Test deg sjølv: Kva hugsar du frå veka som har gått?

1. Kven er leiar for NMK Gol?

2. Kven sa denne veka?: «Eg meiner moglegheitene i Hallingdal er nesten uavgrensa, og også langt større enn der mange ser.»

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kven fekk Årets Næringspris i Hallingdal?

4. Når vart denne bedrifta etablert?

5. Kva kalddusj fekk billause innbyggarar i Opheim i Ål nyleg?

6. Kor mange deltok i golfturneringa Kjerringkjeften Invitational i Hemsedal sist helg?

7. Kva positiv nyheit kunne skulen i Nesbyen gle seg over denne veka?

8. ... men kva skal skje med gamle Dokken skule i Nesbyen?

9. Kva er prisantydinga for tunet på tidlegare Lien landbruksskule på Torpo?

10. Kva klubb har fotballspelar Ida Livgård Jensen signert for?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Ingrid Haugo

2. NHO-sjef Ole Erik Almlid i samband med Hallingdalskonferansen.

3. Defa as i Nesbyen, som blant anna produserer motorvarmarar.

4. 1967.

5. Brakar legg ned bussrutene deira.

6. 92 golfarar.

7. Nesbyen har den beste grunnskulen i landet, ifølgje Kommunebarometeret for 2021.

8. Kommunen vil selje den gamle grendeskulen.

9. Ni millionar kroner.

10. Øvrevoll-Hosle