Sundbrei i Ål, som mellom anna driv med transport, avfallsmottak og utleige av containerar, gjer mange investeringar for å kome det grøne skiftet i møte. Finn Arne Sundbrei seier det er greitt med ein liten familiebedrift der det er kort veg til avgjerdene.

Tenkjer grøne tankar om framtida: – Mange ser på krava som problem, eg ser på dei som ei moglegheit

Miljø og klima er på dagsorden hjå Sundbrei. Dei gjer grøne investeringar for framtida.

Sundbrei i Ål, som mellom anna driv med transport, avfallsmottak og utleige av containerar, gjer mange investeringar for å kome det grøne skiftet i møte.

Dei er nyleg vorte Klimapartnar nummer 50 i Viken, som ein av totalt tre her i Hallingdal. Næringshagen og Hallingplast er dei to andre. For å bli Klimapartnar må ein ha spesielt fokus og forplikte seg til utsleppsreduksjon og samarbeid om klimavennlege løysingar. Og dessutan dokumentere ei positiv utvikling på området.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sundbrei er framme i skoa. I staden for å vente på krava, er dei på! Ei bedrift som omset ord til handling. Det er både inspirerande og motiverande å få vere med på, seier Tom Roll i Hallingdal Næringshage, som bidreg med mellom anna forretningsutvikling.

Sundbrei transport i Ål gjer mange investeringar for å kome det grøne skiftet i møte. Finn Arne Skjelbreid i lag med Tom Roll i Hallingdal Næringshage.

Konkurransedyktige

Sundbrei tenkjer langsiktig og møter mange av krava - før dei kjem.

– Mange ser på krava som problem, eg ser på dei som ei forretningsmoglegheit, seier eigar Finn Arne Sundbrei.

Han legg til at det er greitt med ei lita familiebedrift der det er kort veg til avgjerdene.

– Eg og fattern møtest utpå plassen her. Ein halvtime etter har fattern gjort innkjøp, smiler Finn Arne Sundbrei.

Mellom anna kjøpte dei nyleg frysekonteinarar dei skal leige ut, etter førespurnadar frå flyktningmottak i dalen. Vegen blir til medan dei går.

Sundbrei transport testa elektrisk langtransport i ein veke i fjor. No er første trekkvogna bestilt.

Fossilfri og lading

I fjor lånte Sundbrei ei heilelektrisk trekkvogn og fekk testa teknologien. No er elektrisk trekkvogn bestilt. Den kjem til Ål til sommaren. Til den nette sum av nesten fem millionar kroner. Men så er co₂-utsleppet mykje mindre enn dei som nyttar fossilt brennstoff. I tillegg dekker Enova litt av summen. Ei vanleg trekkvogn kostar om lag 1,8 millionar.

– Me får ein meirkostnad på om lag 1,4 millionar, men lågare energikostnader og blir meir klimavennleg, seier Sundbrei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bedrifta har og kjøpt seks nye trekkvogner, som reduserer dieselforbruket med om lag ti prosent.

På sikt håpar Sundbrei å fase inn fleire elektriske trekkvogner. Kanskje er halvparten av dei 21 bilane deira elektrisk innan 2030.

– Skal det skje noko i 2030, må me i alle fall hive oss på litt før, seier Sundbrei. Han legg til at frå 2025 får ein ikkje køyre diesel inn i Bergen og Oslo. For å sleppe å laste av og på ved bygrensa, må ein då køyre elektrisk frå fabrikk til leveringsstad i byen.

Eit av problema Sundbrei møtte under prøvekøyring i fjor, er lading for store elektriske køyretøy. Vanlege bensinstasjonar har som ofte ikkje god nok plass.

Då vart ein ide sådd.

No planlegg dei investeringar for 12 millionar kroner. Ein ladestasjon med åtte ladepunkt for tungtransport - i Kleivi i Ål.

– Me har søkt Enova om støtte, seier Sundbrei. - Ladestasjonen blir ope for alle. Ingen tør køyre med elektrisk lastebil om det ikkje finst ladestasjonar, legg Sundbrei til.

Last begge vegar

– Me køyrer masse last ut, men for lite inn. Det er lite berekraftig, seier Sundbrei, som samarbeider mykje med Hallingplast. Dei er pådrivarar for at leverandørane har fossilfri transport.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tom Roll i Hallingdal Næringshage legg til rette for forretningsutvikling her i Hallingdal.

No har Sundbrei, med god hjelp frå Tom Roll og Hallingdal Næringshage, innleia dialog med større aktørar som Optimera. Frå før har dei varer frå Hallingplast som blir levert langs heile kysten, men dei har mykje ledig kapasitet på returen.

– Det kan bli røyr ut og byggjevarer inn, nikkar Roll og Sundbrei. Får dei last begge vegar, blir køyringa halvert. Rett og slett.

– På dette viset beheld me meir verdiskaping her i Hallingdal. Det blir vinn-vinn, påpeiker Roll.

Finn Arne Sundbrei og Sundbrei transport testa elektrisk langtransport i fjor. No har dei bestilt trekkvogn, som kjem til sommaren. Men dei går lenger. Dei vil og byggje ladestasjon i Kleivi.

Gjenbruk

Sundbrei driv og klimatiltak når det gjeld avfallsmottaket. Å leggje til rette for meir gjenbruk står på programmet, mellom anna ombruk av masse. Her er Hallingdal Næringshage med som prosjektleiarar.

Sundbrei vil sleppe å sende for mykje nedover dalen til andre avfallsmottak, og har søknader inne for utvida løyve. Mellom anna for å gjenvinne betong. Me har demningar som skal fornyast.

– Det gjeld å kome behova i forkjøpet. Og ha logistikken på plass, seier Sundbrei.

Sortering og gjenbruk blir berre viktigare i åra framover. Då er det greitt å ha kompetansen også på desse områda her i dalen.

– Me investerer for å vere konkurransedyktige i framtida. Elles kjem me i bakleksa, seier Sundbrei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdal Næringshage

Nettverksbygger og sparringspartnar som skal bidra til sunn vekst og utvikling for små og mellomstore bedrifter med konkrete behov.

Eit non-profitt selskap, med det statleg eigde Siva SF — selskapet for industrivekst, som største eigar.

Ein av 40 næringshagar i landet, og har tilgang til nasjonalt kompetansenettverk og tilgang til støtteordningar for næringslivet.

Ei av 50 bedrifter i Buskerud og ei av tre i Hallingdal som er Klimapartnar.