Per-Aril Meling, informasjonssjef i Telenor.
Per-Aril Meling, informasjonssjef i Telenor.

Telenor held korta tett til brystet

I delar av Gol sentrum, Ål sentrum og Geilo sentrum tilbyr Telenor fiber. Om det blir meir, er uvisst.

Per-Aril Meling, informasjonssjef i Telenor opplyser gjerne kvar dei har bygd ut fiber, men vil ikkje ut med nye planar.

– Me ynskjer ikkje å opplyse om konkrete planar for vidare fiberutbygging før me har bestemt oss og starta med å selje produktet, seier han til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette handlar om konkurransemessige forhold, forklarar han.

Ei utbygging blir først lønsam når det blir mange nok å dele investeringskostnaden på.

Flå, Nes, Hemsedal og Nore og Uvdal har til no ikkje blitt vurdert som lønsam nok av Telenor. Det skjer neppe endringar med det første, med mindre reknar seg fram til andre svar, teknologien med eitt blir rimelegare.