Telenor investerer for kring 20 millionar kroner i oppgraderingar av 4G-nettet i Hallingdal og Nore og Uvdal. Når oppgraderinga er gjort, vil Hallingdal vere blant dei best utbygde regionane i landet, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor
Telenor investerer for kring 20 millionar kroner i oppgraderingar av 4G-nettet i Hallingdal og Nore og Uvdal. Når oppgraderinga er gjort, vil Hallingdal vere blant dei best utbygde regionane i landet, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor

Telenor bygger ut 4G

I løpet av fyrste halvår bygger Telenor ytterlegare ut 4G-nettet i Hallingdal og Nore og Uvdal.

Totalt er det snakk om 30 oppgraderingar med teknologien som gjev lynrask overføring av data på mobil og PC.

– Dette er kjempeinvesteringar. Når oppgraderinga er gjort, vil Hallingdal vere blant dei best utbygde regionane i landet, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor, og anslår prisen i kroner og øre:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Pluss minus 20 millionar kroner.

Forventar fart

Onsdag var han på veg gjennom Hallingdal i sin heilt spesielle bil.

Bilen er kontoret hans, og for kvar meter måler avansert måleutstyr samtale- og nedlastingskvalitet. I løpet av fyrste halvår blir nettet i Hallingdal og Nore og Uvdal oppgradert med nye basestasjonar og oppgradering frå 3G til 4G fleire stader. Til hausten køyrer han same rute for å gjere nye målingar. Amundsen seier Hallingdal som stor reiselivsregion er hovudårsaka til at Telenor satsar stort.

– Me har bygd ut for 4G i byar, tettstader og hytteområde. Hallingdal har blant dei mest folkerike hytteområda i landet. Frå Ustaoset og nedover dalen er det store hytteområde. Og folk forventar å vere tilgjengelege overalt.

Telenor bygger også ut 4G-nettet til tale. Det gjev mellom anna betre dekning innandørs, i bilen og betre dekning i avsidesliggande strøk.

Meir 4G

Her kjem det nye basestasjonar og/eller oppgraderingar:

Flå:

Strømsoddbygda i Ringerike ved grensa til Flå får 4G ved påsketider. I tredje kvartal blir det utbetring i områda Tollefsrudseter, Rime og Sørstølan. Før jul Anfinnatten, Helgesetnatten og Buvassli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nes:

Nettet blir oppgradert i Nesbyen sentrum med ein sendar midt i sentrum. Før sommaren får Rukkedalen 4G+. Telenor set også opp sendar på Benterudnatten i Ytre Nes.

Gol:

Ingen utbetringar.

– Gol er godt dekka. Heile sentrum er klart. Golsfjellet har også med få unnatak 4G, seier Amundsen.

Hemsedal:

Skarsnuten får oppgradert nett før påske. Før sommaren blir det oppgraderingar i Tinden og på Bjøberg og Ragnhildset.

– Elles har me gjort mykje i Hemsedal, seier Amundsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ål:

Ny stasjon ved Rota i løpet av den kommande månaden gjev betre dekning i sentrum. Rødungen planlagt i andre/tredje kvartal. Torpo, Bergstølhovda – Sangefjell i mai. Ny basestasjon blir det også i området rundt Ål skisenter.

– Den har me venta på å bygge. Der har det vore mange klager, seier Amundsen.

Hol:

Hagafoss, Hol sentrum og Hovet får 4G i løpet av sommaren. Det same gjeld Leinefjell – Myrland – Strandevatn. I starten av andre kvartal blir det utbetringar på Vestlia Resort, rundt Highland og i Havsdalen.

Nore og Uvdal:

Imingfjell i slutten av andre kvartal. Norefjord, Dalshaugen, Vegglifjell nord, Myrann seter og Skaget.

* 4G gjev lynraskt mobilt internett og er teknologi for fjerdegenerasjons mobiltenester.

* Nettet har høg overføringshastigheit.

* 4G vart lansert i 2009.

* 4G er etterfølgjaren til 3G som vart lansert i 2005 og 2G som var det fyrste heildigitale mobilnettet påstarta i 1993.

* I 2015 vart 4G+ lansert.

* Stadig fleire område i Norge blir bygd ut for 4G.