Teken i 107 km/t i 60-sona
Nesningen må klare seg utan førarkort i 15 månader.
Ein bilførar frå Nes køyrde inn i ein fartskontroll i 60-sona ved Torpo Turistsenter i altfor høg hastigheit. Farten vart målt til 107 km i timen.
Føraren forklarte i Hallingdal tingrett nyleg at han var på veg til Ål og hadde dårleg tid. Retten dømde nesningen til fengsel på vilkår i 18 dagar og 7500 kroner i bot. Han mistar førarretten i 15 månader.