Nore og Uvdal kommune har i lenger tid etterlyst at eigar utbetrar avløpsanlegget i Lomlia hyttefelt på Dagalifjell. No ender saka på bordet til politikarane. (Illustrasjonsfoto)

Tek tak i ureint drikkevatn i hyttefelt

No er det opp til kommunestyret i Nore og Uvdal å legge ut 1,8 millionar kroner for å utbetre avløpsanlegget og dermed drikkevatnet i Lomlia hyttefelt, på eigarens rekning.

Avløpsanlegget for det private hyttefeltet Lomlia på Dagalifjell i Nore og Uvdal vart ikkje ferdigstilt i tråd med løyvet. I tillegg vart anlegget teke i bruk utan at alt var som det skulle.

Bakteriar i vatnet

I 2018 vart det oppdaga tarmbakteriar i drikkevatnet. Truleg kjem dette frå avløpsanlegget. Hyttefeltet var pålagt å plangodkjenne vassforsyninga, utan at det vart gjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hytteeigarar i feltet har fått laga ein uavhengig rapport som konkluderte med at vass- og avløpsanlegget har betydelege feil og manglar. Det bekreftar også leverandøren av avløpsanlegget. Prøver av avløpet syner at det ikkje tilfredsstiller rensekrava i forureiningslova. Difor er Nore og Uvdal kommune, som myndigheit, no involvert i saka.

Hastar

I lengre tid har kommunen prøvd å få utbetra forholda i samråd med eigaren, som har ansvar for utføring og drift av anlegget. Det har ikkje ført fram.

Forureining av drikkevatnet gjer at det hastar å utbetre anlegget. I juli varsla kommunen at dei ville sette i verk utbetringstiltak og at kommunen vil krevje å få att for utgiftene. Og sjølv om eigaren fekk frist til å utbetre anlegget til slutten av juli, skjedde det ingen ting.

Kostar

Utbetringa er rekna til å kome på kring 1,8 millionar kroner. Kommunedirektør Rune Antonsen tilrår at kommunen går inn og utbetrar anlegget. Så vil kommunen krevje inn att pengane frå eigar, eventuelt frå medeigarar og hytteeigarar om ikkje eigaren kan gjere opp for seg.

Meininga er at etter anlegget er oppgradert og godkjent, skal det bli oppretta eit andelslag av brukarane som overtek eigarskapet og drifta av anlegget.

Saka skal opp til behandling måndag, først i formannskapet så i kommunestyret.

Les også
Endeleg er Bølviken fotballproff
Les også
Vurderer anke: - Vinterveg over Imingen vil ikkje gå ut over villreinen
Les også
Ber departementet stoppe all brøyting på Imingfjell
Les også
Ein kommune peiker seg ut med høgt sjukefråvær
Les også
Fekk så vidt rå over dei minste stillingane
Les også
Politikarane seier nei til nytilsettingar trass i åtvaringar