Det murrar rundt vinterdrifta av Fv50 Hol-Aurland.
Det murrar rundt vinterdrifta av Fv50 Hol-Aurland.

Tek tak i Fv50

Høgre og Senterparti krev ei oppklaring rundt Fv50.

– Me kan ikkje leva med slik det er no. Fv50 Hol-Aurland er ein viktig fjellovergang. Uregelmessig opningstid på fjellovergangen skaper mykje uvisse for folk og næringsliv, seier Ole Johnny Stavn, gruppeleiar for Senterpartiet og medlem av hovudutvalet for samferdsel i Buskerud fylkeskommune.

Gjennomgang

Hovudutvalet for samferdsel er vegeigar og har ansvaret for Fv50, Hol-Aurland. Både Senterpartiet og Høgre krev no ein gjennomgang av Fv50, under komande hovudutvalsmøte torsdag 30. januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore mykje lokale reaksjonar, og me krev no ei oppklaring og ein gjennomgang både med tanke på politikken til fylkeskommunen og driftsansvaret som ligg hjå Statens vegvesen. Fylkeskommunen som vegeigar har brukt betydeleg med midlar på oppgradering av Geiteryggtunnelen, då forventar me betring i opningstidene. Me vil og ha svar på kva konkrete tiltak Statens vegvesen vil setje i verk for å gjere bruk av vegen meir forutsigbar framover, seier Stavn.

Undrande til brøyting

Høgre er også på banen. I eit presseskriv skisserer Jon-Andreas Kolderup i Hol Høgre kva spørsmål dei har bede Høgre sine representantar i samferdselsutvalet ta opp i møte førstkomande torsdag. Kolderup peikar på overraskande stenging av Fv50 og at organisering av brøytearbeidet har gitt store utfordringar ikkje berre i år, men i fleire år. Han etterspør oppfølging.

Ansvar

Hol Høgre peikar også på at ansvar for brøytetenesta ligg hjå Sogn og Fjordane med Statens vegvesen region vest som utførande myndigheit. Den vesentlege og vanskelegaste brøytestrekninga, i tillegg til dei største interessene av open veg, er i Hol kommune. Kolderud meiner det vil vera naturleg at ansvar for brøytekontraktar og oppfølging av desse blir overført til Buskerud fylkeskommune og Statens vegvesen region sør. Hol Høgre spør korleis Buskerud fylkeskommune vil møte desse utfordringane framover, og om ei overtaking av ansvar for Fv50 kan vera aktuelt frå neste vinter.

Ole Johnny Stavn (Sp).
Ole Johnny Stavn (Sp).
Jon-Andreas Kolderup (H).
Jon-Andreas Kolderup (H).