Taxikunde oppførte seg trugande mot sjåføren- måtte hentast av politiet

Ein taxisjåfør i Hol varsla politiet då han fekk trøbbel med ein kunde natt til laurdag.

Kunden, ein mann i 40-åra frå Geilo, skal ifølgje politiet ha vore både full og trugande i bilen.

Meldinga om hendinga kom rett før klokka 00.30, og politiet rykte ut til staden. Då var mannen framleis på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han skal ha vore berusa, og ifølgje politiet vanskeleg å kommunisere med.

Det er førebels ikkje klart om saka vil få nokre konsekvensar for mannen.