Den britske forsvarsattacheen  Matt Skuse ved grava til  pilot Frank Levy frå Royal Air Force.
Den britske forsvarsattacheen Matt Skuse ved grava til pilot Frank Levy frå Royal Air Force.

– Takk, Nesbyen!

Skulebarn med blomar og britiske flagg ved dei engelske gravene på Nes kyrkjegard. Det er ei stund som set kjenslene i sving.

I år er det 70 år sidan flystyrten på Saupeset.

Kvart år sidan dei ni soldatane frå Royal Air Force vart gravlagde på Nes kyrkjegard har det vore ein seremoni her på nasjonaldagen. Ein seremoni som for mange er høgdepunktet. Fleire gonger har det vorte britisk besøk. I samband med 70 årsmarkeringa var den britiske ambassaden representert i år. Den britiske forsvarsattacheen i Norge, oberstløytnant Matt Skuse frå Royal Marines, heldt talen ved gravene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me er stolte

– Det er veldig trist at gutane ligg her. Det var krig og fæle dagar. Dei visste at det var farleg, og at det var nødvendig å kjempe mot fienden. Me er stolte over veteranane våre og dei som gav sitt liv, sa Skuse.

Med svært mykje folk til stades ved gravene såg Skuse på nært hald korleis nesningane heidrar dei britiske soldatane.

Sterke kjensler

Han såg elevar frå Rukkedalen friskule, stramme og prega av stunda, legge ned blomar og plante eit britisk flagg på kvar grav. Han høyrde dei synge Syningsangen som Jørgen Syversrudengen skreiv kort tid etter flystyrten på Saupeset i 1944.

Borgartoget på veg til Nes kyrkjegard med ordførar Tor Magnussen og den britiske forsvarsattacheen Matt Skuse i fremst.
Borgartoget på veg til Nes kyrkjegard med ordførar Tor Magnussen og den britiske forsvarsattacheen Matt Skuse i fremst.
Born frå Rukkedalen friskule la ned blomar og planta britiske flagg på gravene.
Born frå Rukkedalen friskule la ned blomar og planta britiske flagg på gravene.
Elevar frå Rukkedalen friskule la ned blomar og planta flagg på dei  engelske  gravene.
Elevar frå Rukkedalen friskule la ned blomar og planta flagg på dei engelske gravene.
I stram honnør. Oberstløytnant Matt Skuse frå Royal Marines. Til venstre står ordførar Tor Magnussen og til høgre Sølvi Toitland Visse bråten som leia seremonien ved dei engelske gravene.
I stram honnør. Oberstløytnant Matt Skuse frå Royal Marines. Til venstre står ordførar Tor Magnussen og til høgre Sølvi Toitland Visse bråten som leia seremonien ved dei engelske gravene.
Forsvarsattache Matt Skuse ved dei engelske gravene.

-  Eg blir rørt, seier han.
Forsvarsattache Matt Skuse ved dei engelske gravene. - Eg blir rørt, seier han.

– Eg er takksam for måten de passar på gutane våre, sa Skuse.

- Det er med sterke kjensler og audmjukskap eg står her. Eg vil berre seie: Nesbyen, takk!

Flott markering

Matt Skuse seier at han aldri har opplevd at det har vore så mykje folk til stades ved slike markeringar som denne 17. maidagen på Nes kyrkjegard.

Han gjekk først i borgartoget saman med ordførar Tor Magnussen. På Hallingdal museum fekk han ei omvising på heimefrontavdelinga på museet der flystyrten på Saupeset er via stor plass. Det var ein nasjonaldag full av historie og ettertanke for forsvarsattacheen.

– Å oppleve dette gjer meg rørt, seier Matt Skuse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er veldig trist at gutane ligg her. Det var krig og fæle dagar. Dei visste at det var farleg, og at det var nødvendig å kjempe mot fienden.

Matt Skuse, britisk forsvarsattache