Gardbrukar Jostein Brennhovd (t.v.) og Knut Kinnebergbråten driv kvar sine verksemder på det nedlagde gardsbruket i Grønlio. Kinnebergbråten meiner fleire bønder som har tomme driftsbygningar bør tenkje kreativt å få i gang ein eller fleire lønsame verksemder.
Gardbrukar Jostein Brennhovd (t.v.) og Knut Kinnebergbråten driv kvar sine verksemder på det nedlagde gardsbruket i Grønlio. Kinnebergbråten meiner fleire bønder som har tomme driftsbygningar bør tenkje kreativt å få i gang ein eller fleire lønsame verksemder.

- Ta i bruk låvebygga

Knut Kinnebergbråten meiner at dei som har ein tom driftsbygning ståande bør tenkje kreativt og nytt og få inn fleire verksemder.

På låven til Jostein Brennhovd på Nordre Brennhovd i Grønlio, er Knut Kinnebergbråten i full gang med sesongens to siste spikartelt. Heile låven er full av materialar og verktøy. Snart skal spikartelta hentast og fraktast til ein campingplass i Valdres. Der skal dei monterast inntil ei campingvogn. Utanfor låven går bonden sjølv, Jostein Brennhovd. Han går turar med hundane som er innlosjerte på Gol dyrepensjonat. I tillegg til desse to verksemdene har også kona til Brennhovd AVIS-bilutleige og kontor i fjøset. Felles for alle tre er at dei har starta si eiga næring under same tak i eit nedlagt gardsbruk.

– Tenkje nytt

No meiner Kinnebergbråten at fleire bønder bør gjera tenkje det same.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg tykkjer det er trist at det står så mange tomme driftsbygningar over alt. Berre her i Grønlio var det 29 gardsbruk med dyr frå tidlegare av. I dag er det fire att som driv med dyr. Eg skulle ynskje at folk begynte å tenkje nytt og kreativt for å få inn eigen eller andres verksemder i dei tomme lokala.

– Er det noko spesielt du meiner folk bør satse på?

– Snikkarverkstad, til dømes. Nei, akkurat det må vera opp til kvar enkelt å finne ut av. Eg meiner det er så mange som går rundt og trur at det ikkje er liv laga med noko som helst. Dei tek feil. Det er mykje som går, det er berre å ta sjansen, seier han.

– Eg tykkjer det er viktig å pirke litt i bygdedyret. Alt går an, berre viljen er der.

Samarbeid

Knut Kinnebergbråten skryt uhemma av Jostein Brennhovd. Han fortel at dei samarbeider godt og hjelper kvarandre når det trengst.

– Det er veldig viktig at me kan det. Også for andre som ynskjer å jobbe tett saman, er samarbeid heilt avgjerande for at det skal gå bra, seier Kinnebergbråten.

Begge to overtok gardane etter sine foreldre, men ingen av dei ville satse på dyr lengre.

– Det er ikkje liv laga for den typen gardsdrift lengre, difor valde me å gjera dette, fortel dei to.