Det er fort tida totalforbod mot open eld.
Det er fort tida totalforbod mot open eld.

Svært høg skogbrannfare: Totalforbod mot open eld

No er det så høg brannfare at du kan kome i trøbbel når du tenner gassgrillen heime.

Brannsjef John Bjella i Hallingdal brann- og redningsteneste kan ikkje hugse at det er registrert høgare skogbrannfare.

Straffansvar

Er det fare for at ting du gjer kan slå gneisar? Ja, då er det totalforbode. Det betyr totalforbod mot open eld og all aktivitet som kan føre til at det blir brann. Straffansvaret veg tungt i slike saker, og folk som er uforsiktige risikerer å bli erstatningspliktige dersom dei skulle klare å lage ein brann. Difor må du faktisk vera varsam også med gassgrillen heime.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit generelt forbod som er utvida til totalforbod. No gjeld det og på innmark, som inkluderer gardsplass og hage. Høgt oppe i fjellet der det for eksempel er snø og det openbart ikkje medfører brannfare, kan det vere unntak frå forbodet, seier Bjella. Ein er sjølv ansvarleg for å vurdere om det ein gjere er brannfarleg – eller ikkje.

Totalforbodet gjeld til det blir oppheva. Brannvesenet får stadig spørsmål frå publikum, men gir ingen dispensasjonar.

– Gassgrillen kan vere innanfor, ein må berre vurdere sjølv, seier han.

John Bjella, leiar i førebyggjande avdeling i Hallingdal brann og redningsteneste.
John Bjella, leiar i førebyggjande avdeling i Hallingdal brann og redningsteneste.

I Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol er det totalforbod mot open eld. Brannsjefane i dalen oppfordrar alle til å respektere totalforbodet.

Treng mykje regn

Brannsjef Bjella påpeiker at det må til mykje regn skal brannfaren bli mindre. Brann- og redningstenesta set inn ekstra ressursar om det skulle kome inn brannmeldingar.

– Det gjer me for å vere sikre. Me veit kor fort brann spreier seg. Det blir stort veldig fort. Me sit ikkje og held pusten, men er bekymra. Det tek lang tid å sløkke no, seier han.

Skogbrannindeksen stadfestar den ekstremt høge brannfaren.  Dersom indeksen passerer talet 70, er det høg skogbrannfare. I Nes er no indeksen oppe i 306. Skien er høgast i landet med 384.

– Så dette seier sitt om faren, påpeiker brannsjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier folk som driv skogsarbeid må vera ekstra på vakt.

Kommunane har dei siste par dagane sendt ut 35.000 sms-varsel om skogbrannfaren. Til utanlandske mobiltelefonar går meldinga på engelsk.

Det er totalforbod mot bruk av open eld. Også i private hagar. Det betyr at grillsesongen må stå på vent. 

Brannforbodet er no skjerpa inn og gjeld all open eld og brannfarlege aktivitetar overalt utandørs. Kan aktiviteten medføre gneistar, er den forbod både i utmark og innmark. Og forbodet gjeld til brannvesenet opphevar det.  

Tenne bål?

Nei

Bruke primus?

Nei

 

Bruke gassgrill?

Nei

Bruke eingongsgrill?

Nei

Bruke bålpanne?

Nei

 

Bruke kulegrill?

Nei

 

Bruke elektrisk grill?

Tja, rennande feitt kan fatte eld

 

Bruke ryddesag?

Nei

Bruke motorsag?

Nei

 

Klippe graset?

Tja, så sant ikkje det slår gneistar

Hugs: Brann som følge av brot på vedtaket, kan medføre straffansvar.