Sveinung Hansen, prost i Hallingdal, køyrer «live» gudsteneste sundag.

Sundag kan du sjå gudsteneste på Hallingdølens nettsider

No som kyrkjene er stengde, må ein tenke alternativt. Sundag klokka 11 skal prost Sveinung Hansen ha gudsteneste som du kan følgje på hallingdolen.no.

– Me kan jo ikkje møtast fysisk, men me ønsker likevel å ha gudsteneste. Denne sundagen gjer me dette saman, men kvar for oss, seier Hansen.

– Eg trur det kan bety litt for folk å sjå si eiga kyrkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forkorta variant

Sundag skal Hansen forrette, medan Ingunn Stræte er med som kyrkjemusikar.

– Det blir religiøse folketonar. Det er Maria bodskapsdag på sundag, så det blir tekstar som høyrer den dagen til, fortel Hansen. Det blir ei forkorta gudsteneste denne første gongen.

– Eg kjem ikkje til å synge aleine, men det kan bli moglegheit for at me får med oss ein forsongar til ei seinare gudsteneste. Då håpar me på moglegheit til å legge tekst på sendinga, slik at folk kan synge med heimanfrå, seier han.

Påskeplanar

Det nærmar seg påske, og lite tydar på at me vil vere tilbake i ein normaltilstand til då. Derfor har Hansen begynt å tenke alternativt også inn mot høgtida.

– Ei overføring som den me skal ha på sundag, er ein av fleire måtar me reknar med å jobbe på framover. Så har me sett på moglegheita for å kanskje ha gudsteneste ute i naturen. Kanskje kan me ha ei utandørs bønnevandring, seier Hansen.

Les også
Politiet følger med hyttefelta
Les også
- Stussleg og lite imponerande
Les også
Hallingdal Kraftnett med heva beredskap