Et straumbrot i Finsetunnelen skaper problem for togpassasjerar på veg til påskefjellet.

Straumstans: Austgåande tog stod fire timar på Myrdal

Mange togpassasjerar vart onsdag ramma av driftsproblem på Bergensbanen.

BaneNor melde at banen var stengt mellom Myrdal og Finse på grunn av straumproblem.

Det var BA som først skreiv om togproblema og korleis det ramma ein venninnegjeng frå Bergen på veg til påskefest på Geilo. Avisa fortel at toget køyrde inn på Myrdal stasjon i 1345-tida. Og der vart det ståande til banen opna att kring klokka 18.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje VG var det eit straumbrot i Finsetunnelen som var årsak til problema. 350 passasjerar stod fast i austgåande tog på Myrdal stasjon, mens det var 250 i eit tog på Voss.

Vy opplyste til VG at det i alt var mellom 1500 og 2000 passasjerar reisande som vart ramma av problema.