Ein elg blir stoppa av eit straumgjerde ved jernbanen i Flå.
Ein elg blir stoppa av eit straumgjerde ved jernbanen i Flå.

Straumgjerda reddar elg-liv

Talet på elgpåkøyrsler på jernbanen gjennom Hallingdal har gått kraftig ned.

– Straumgjerda er løysinga, seier byggeleiar Jon Anders Hefte i Jernbaneverket.

Tidlegare kunne vintrane vere ei blodig affære på jernbanen. I 1995 og 2000, for eksempel, vart 130–140 elgar drepne etter å ha vorte påkøyrde av toget i Hallingdal. Til samanlikning vart nitten elgar drepne på strekninga Ørgenvika-Haugastøl i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire tiltak

Det er gjort fleire forsøk gjennom åra på å halde elgen unna veg og jernbane. Det er prøvd stenger med lukt, blenkjande band og andre varslingssystem.

Som ei følgje av alle elgpåkøyrslene vart prosjektet Vilt og trafikk i Hallingdal eit delprosjekt i Trafikktryggleik Hallingdal. Ei rekkje tiltak vart sett i verk: Rydding, fôring, ledevegar ved jernbanen, saltsteinar, varsling og straumgjerde. Mellom Geilo og Hønefoss er det dei siste åra brukt åtte millionar i skogrydding og vilttiltak.

– Dei pengane har gitt resultat, seier Jon Anders Hefte.

På Rv7 ved Aavestrud i Flå blir bilistane varsla dersom det er elg ved vegen.
På Rv7 ved Aavestrud i Flå blir bilistane varsla dersom det er elg ved vegen.
Torbjørn Grøslandsbråten, til venstre, og Kjell Sævre set opp eit straumgjerde i Flå. (Arkivfoto)
Torbjørn Grøslandsbråten, til venstre, og Kjell Sævre set opp eit straumgjerde i Flå. (Arkivfoto)
Millionane som er brukt langs jernbanen har redda mange elg-liv, slår byggeleiar Jon Anders Hefte fast.
Millionane som er brukt langs jernbanen har redda mange elg-liv, slår byggeleiar Jon Anders Hefte fast.

Straumgjerde

Fjoråret er eit eksempel på det. I nedre Hallingdal der straumgjerda er sett opp, gjekk det med fem elgar i fjor: Flå (1), Nes (2), Gol (2). I øvre Hallingdal derimot der det ikkje er straumgjerde, er dei fleste elgane drepne; ti i Ål og fem i Hol.

– Nord for Nesbyen ved søppelplassen var det reine blodvegen tidlegare. Sidan 2010 har det berre gått med ein elg her, seier Hefte.

På denne strekninga vart det sett opp straumgjerde. Det er eit godt eksempel på at tiltaka har verka. Ifølgje Hefte kjem det interesserte frå andre kantar av landet for å sjå på tiltaka som er gjort langs Bergensbanen i Hallingdal.

– Det er sett opp 13 km med straumgjerde i Hallingdal, og det blir hogd for å halde etterveksten nede, seier Hefte.

Ein million

– Blir det sett i verk fleire tiltak?

Artikkelen held fram under annonsen.

– I år skal det brukast omkring ein million kroner. Det skal setjast opp tre kilometer med permanent viltgjerde. Desse er to meter høgare. Og det skal hoggast for å halde etterveksten nede. I tillegg skal det sprøytast mot lauvvirke.

Det er Jernbaneverket som finansierer viltsikringa. Men både grunneigarar og viltnemnder er involvert og deltek entusiastisk i arbeidet.

– Slik sett blir dette eit spleiselag, seier Jon Anders Hefte.

Kraftig nedgang

På det meste vart omkring 60 elgar drepne i Flå i løpet av eit år. I fjor gjekk det med elleve på jernbanen, riksvegen eller forulykka etter å ha falle utfor stup.

– Det har ikkje vore så få drepne sidan 1994, seier leiar i ettersøksgruppa i Flå, Kjell Sævre.

– Tiltaka som er sett i verk fungerer. I tillegg er stammen mindre, seier Sævre.

Elgen er på veg ned i dalbotnen.

– Ver obs, er rådet til alle bilførarar frå leiar i ettersøksgruppa i Flå, Kjell Sævre.

– Det har begynt å kome ned dyr på grunn av auka snømengd. Men det er færre dyr enn det var tidlegare, seier han

I Nes registrerer ein eit aukande tilsig av valdreselg, og det går mykje elg i Todalen no.