Biletet viser korleis dei to røyra til høgre vart isolert i fjor.Isoleringa held no fram ytterlegare 30 meter nedover. (Arkivfoto)
Biletet viser korleis dei to røyra til høgre vart isolert i fjor.Isoleringa held no fram ytterlegare 30 meter nedover. (Arkivfoto)

Støyisolerer meir av røyrgata i Hovet

E-CO Energi har bestemt at også den aller nedste delen av røyrgata ved kraftstasjonen i Ruud skal isolerast for støy.

For å redusere støyen til områda rundt, vart to av røyra isolert i vel 100 meters lengde i fjor haust. Tiltaket hadde god effekt. Målingar som er gjort, viser at støyen har gått merkbart ned.

Det er likevel folk i nabolaget som enno opplever støyen som plagsam. E-CO Energi har eit sterkt ønske om å redusere støyen ytterlegare, difor blir endå meir av røyrgata no isolert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bråkut oppgradering

Det er i samband med overhaling og oppgradering av aggregata ved Hol I at det har oppstått større støy enn venta. Støyen forplantar seg oppover langs røyrgata og er til sjenanse for naboar og delar av bygda. Det har vore prøvd ulike tiltak, med lite hell. I fjor bestemde E-CO seg for å isolere dei to mest «bråkute» røyra i nedre del av røyrgata. Dette har altså gitt merkbare resultat.

Det står att ca. 30 meter før røyra går inn i fjellet ned mot kraftstasjonen. Det er desse metrane som vil bli isolert i sommar.

– Etter kontrakten med entreprenør, skal arbeidet vere ferdig innan 15. oktober. Men det kan sjå ut til at arbeidet for det meste blir gjort i juni, seier prosjektleiar Eirik Bøkko hjå E-CO Energi.

I gang med siste

Det er i denne aller nedste delen at støynivået er størst. Bøkko håpar difor at den isoleringa som no blir gjort, vil gjere forholda klart betre, spesielt for dei næraste naboane som er mest plaga.

Elles viser han til det han har uttalt tidlegare, at ei permanent og fullgod løysing vil ein truleg fyrst få viss det nye prosjektet Hol I Stolsvatn blir realisert, og heile røyrgata blir lagt i fjell.

Rehabiliteringa av kraftverket i Ruud går no inn i sluttfasen. Arbeidet er fullført med tre av aggregata. Det fjerde og siste blir oppgradert i løpet av sommaren. Etter planen skal det setjast i drift att rundt 1. oktober.