Fyrstegongsveljar Ingrid Jøtun Fauske (18) puttar røystesetelen i urna. Arne Borge Hesla, Ronja Risdal og Bjørn Søgnen kontrollerer at det går rett føre seg.
Fyrstegongsveljar Ingrid Jøtun Fauske (18) puttar røystesetelen i urna. Arne Borge Hesla, Ronja Risdal og Bjørn Søgnen kontrollerer at det går rett føre seg. Foto: Torbjørn Gunhildgard

Stor trafikk ved urnene: - Moro å få vera med å bestemme

– Det har vore stor trafikk og pågang frå morgonen. Det ser ut til å bli bra valdeltaking og spelar liten rolle at Gol berre har eindagsval i år.

Leiar i valstyret i Gol, Sissel Bjørøen, og valfunksjonær Åse Berit Lio stod ved inngangsdøra i vestibylen på Gol samfunnshus og ynskte sambygdingane velkomne til å gjera borgarplikta si.

Veljarane fekk ei kort forklaring på at det låg lister til både kommunevalet i Gol og Viken-valet på bordet bak forhenga. I tillegg fekk dei tips om at det var kyrkjeval i naborommet. Der var det også to lister som skulle i urnene, både til soknerådet og bispedømmerådet.

Stor valdeltaking

– Det har vore større trafikk frå morgonen enn det brukar. Det tyder på stor oppslutning i år, sa Lio.

– Me har sju avlukke, og det er i minste laget. Det blir kødanning i blant. At me berre har éin valdag i år, fungerer bra. Fleire har førehandsstemt enn tidlegare, så det tyder på stor valdeltaking, sa Bjørøen.

Hallingdølen lodda stemninga blant golingane nokre timar etter at vallokalet opna måndag. Ei som gjekk til urna for fyrste gong var Ingrid Jøtun Fauske (18).

Det stor trafikk i Gol samfunnshus måndag føremiddag. Her gjer Bjørg Karen Lie og Ragnar Horge borgarplikta si. Leiar i valstyret, Sissel Bjørøen (ryggen til) og valfunksjonærane Ronja Risdal og Bjørn Søgnen kontrollerer.
Det stor trafikk i Gol samfunnshus måndag føremiddag. Her gjer Bjørg Karen Lie og Ragnar Horge borgarplikta si. Leiar i valstyret, Sissel Bjørøen (ryggen til) og valfunksjonærane Ronja Risdal og Bjørn Søgnen kontrollerer. Foto: Torbjørn Gunhildgard
Lise Steinbråten puttar stemmesetelen i urna som valfunksjonær Stian Røstberg passar godt på.
Lise Steinbråten puttar stemmesetelen i urna som valfunksjonær Stian Røstberg passar godt på. Foto: Torbjørn Gunhildgard
Valfunksjonær Anette Karterud kontrollerer valkortet til Karin Skrindo Granberg. Inger Marit Halvorsen er klar til å leggje stemmesetlane i urna. Valfunksjonærane Nils Ove Svensgård, Geir Tretterud, Anne Berit Jorde og Inge Ragnar Gåsterud kontrollerer.
Valfunksjonær Anette Karterud kontrollerer valkortet til Karin Skrindo Granberg. Inger Marit Halvorsen er klar til å leggje stemmesetlane i urna. Valfunksjonærane Nils Ove Svensgård, Geir Tretterud, Anne Berit Jorde og Inge Ragnar Gåsterud kontrollerer. Foto: Torbjørn Gunhildgard
Harald Sundsøy (t.v.), Anne Kari Sundsøy, Andres Bleiktvedt og Laila Bleiktvedt slår av ein valprat utanfor vallokalet i Gol samfunnshus.
Harald Sundsøy (t.v.), Anne Kari Sundsøy, Andres Bleiktvedt og Laila Bleiktvedt slår av ein valprat utanfor vallokalet i Gol samfunnshus. Foto: Torbjørn Gunhildgard
Valfunksjonær Åse Berit Lio forklarar Lise Steinbråten om listene til kommunevalet og Viken-valet før ho går inn i avlukket.
Valfunksjonær Åse Berit Lio forklarar Lise Steinbråten om listene til kommunevalet og Viken-valet før ho går inn i avlukket. Foto: Torbjørn Gunhildgard
Torill Engebakken puttar stemmesetelen i urna til valfunksjonær Bjørn Søgnen.
Torill Engebakken puttar stemmesetelen i urna til valfunksjonær Bjørn Søgnen. Foto: Torbjørn Gunhildgard

– Det er moro å få vera med å bestemme kven som skal styre, sa fyrstegongsveljaren etter å ha putta både den raude (kommunevalet) og blå (Viken-valet) i urnene.

– Var det vanskeleg å bestemme seg for kva for liste du skulle bruke?

– Nei, det var ikkje vanskeleg, eg hadde bestemt meg før eg kom.

– Hadde bestemt meg

Også Torill Engebakken og Lise Steinbråten hadde bestemt seg før dei kom inn i vallokalet.

– Det stod og vippa mellom to parti. Eg har følgt med i valkampen, i TV-debatten i Hallingdølen og i avisa, og bestemte meg gradvis kven eg skulle stemme på. Viken-valet var vanskelegare. Det er nytt og stort. Eg håpar Hallingdal kjem godt ut, det er viktig, sa Engebakken.

– Eg hadde bestemt meg i god tid før valdagen, så det var ikkje vanskeleg, sa Steinbråten.

– Jamt sig, omtrent som før

På plassen utanfor samfunnshuset stod ein kvartett og diskuterte valet. To var på veg inn, dei to andre på veg ut.

– Det var enkelt å velja i år, sa Andres Bleiktvedt som nettopp hadde vore inne og gjort borgarplikta si.

– Eg gjorde stemmesetelen klar heime før eg reiste hit, sa Anne Kari Sundsøy og viste utsida på stemmesetelen der alle ser like ut.

Også på Torpo grendehus var det valstemning og eindagsval med kommune- og fylkesval inne i grendesalen og kyrkjeval i gangen.

– Det har vore jamt sig, omtrent som før, sa leiar i valstyret, Geir Tretterud.