Storøving på Geilo. Brannmannskap og hotellpersonell øver på hotellbrann på Dr. Holms Hotel.

Stor brannøving: – Scenario er brann i eit hotellrom med spreiing

Hol brann og redning har saman med Dr. Holms Hotel ei stor brannøving måndag ettermiddag.

Øvinga starta klokka 16, melder leiar for førebyggande avdeling, Kolbjørn Bakken.

Det er ei årleg øving, og denne er berre kjent for mannskap og leiinga ved hotellet. Brannvesenet bruker stigebilen og vil vere godt synleg frå Geilo sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alarmen har gått inne på Dr. Holms Hotel. Men det er heldigvis berre øving.

– Scenariet er brann i eit hotellrom med spreiing ut i korridorar. Målet med øvinga er å drille betening og leiing på hotellet i deira rutinar. For brannvesenet sin del vil denne årlege øvinga me har med hotellet vere god repetisjon for oss også, seier Bakken.

Brannvesnenet har rykt ut til Dr. Holms Hotel på Geilo. Men det er berre snakk om ei brannøving.