Mobbetala aukar landet over. Men fleire av skulane i Hallingdal ligg langt over snittet i Norge. (Arkivfoto)

Stor auke i mobbetala - fleire av skulane ligg langt over landssnittet

Elevundersøkinga viser at stadig fleire melder om mobbing i skulen. Det gjeld også i Hallingdal.

Elevundersøkinga for skuleåret 2023-2024 syner ein kraftig auke i mobbetala nasjonalt. Dei ferskaste resultata viser at 13 prosent av elevane på 7. trinn og 11 prosent av elevane på 10. trinn melder om mobbing i skulen.

Les også
Høge mobbetal i fleire kommunar: – Det er ikkje eit skuleproblem, men eit samfunnsproblem

I Hallingdal står det endå dårlegare til ved nokre av skulane, ifølgje undersøkinga. Blant sjuandeklassingane i Hemsedal er det 27,6 prosent som melder om mobbing i skulen. I Ål kommune er talet oppe i 32,6 prosent. Tala gjeld heile kommunen og er ikkje presisert for den enkelte barneskulen i Ål.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tala er svært urovekkande. Ingen elevar skal oppleve mobbing verken på eller utanfor skulen. Det er alltid målet vårt, seier Morten Barasinski. Han er skulefagleg rådgjevar i Ål kommune.

7. klasse

Elevar som melder om mobbing på skulen i sjuande klasse:

Flå: *

Nesbyen: *

Gol: *

Hemsedal: 27,6 prosent

Ål: 32,6 prosent (22,2 prosent ved førre undersøking)

Hol: *

Nasjonalt: 12,8 prosent

* Tal som er unnateke offentlegheit/skjerma

Morten Barasinski.

Blir mobba digitalt

Barasinski fortel at dei tilsette i skulane jobbar kvar dag for å skape trygge skulemiljø. Likevel innrømmer han at mobbing er komplekst, og mange tilfelle kan vere vanskelege å plukke opp. Eit blikk, eller at nokon snur ryggen til deg i skulegarden kan vere døme på dette. Slike ting kan ofte ha bakgrunn i konfliktar på sosiale medier på fritida.

– Me skal ikkje fråskrive oss ansvar, og me jobbar med dette kvar einaste dag, understrekar han.

Men han er tydeleg på at dette må vere eit samarbeid mellom skulen, føresette og hjelpeinstansar.

Fleire av tala for skulane i Hallingdal er unnateke offentlegheit fordi det er for små grupper som har svara. Men i Ål kommune melder 13 prosent av elevane på 7. trinn at dei har vore ute for å bli mobba digitalt. Morten Barasinski fortel at elevane ikkje har tilgang til telefonen i skuletida. Han oppmodar føresette til å vere interessert i kva ungdom og barn gjer på telefonen.

– I tillegg ser me at grensa mellom «tull og tøys», og det som kan gjere skade har blitt meir uklar.

Les også
Rektor om mobbetala: – Avhengige av at føresette involverer seg

Barasinski meiner at vaksne må vere gode rollemodellar. Barna plukkar opp måtar å kommunisere på, både i det verkelege liv og på internett. Det kan gå ei kule varmt for vaksne på sosiale medier også.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å seie at dette er ein barne- og ungdomskultur blir ikkje riktig, meiner han.

Torsdag diskuterte dei resultata frå elevundersøkinga på rektormøtet i Ål. Barasinski fortel at dei no vil analysere tala grundig. Det viktige framover blir å styrke samarbeidet mellom alle aktørane som har ei rolle i dette, fortel han.

10. klasse

Elevar som melder om mobbing på skulen i tiande klasse:

Flå: *

Nesbyen: 2,5 prosent

Gol: 30,4 prosent (20 prosent ved førre undersøking)

Hemsedal: 3,3 prosent

Ål: *

Hol: *

Nasjonalt: 10,9 prosent

* Tal som er unnateke offentlegheit/skjerma

Stadig fleire elevar melder om mobbing på digitale plattformer. (Arkivfoto)

Vil ha vekk mobilen

På 10. trinn ved Gol skule er det 17,4 prosent som har svart at dei har opplevd mobbing digitalt.

Tidlegare i veka gjekk kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun ut og kommenterte Elevundersøkinga. Ho seier resultata er bekymringsfulle, men poengterer også at mange trivast godt på skulen.

– Her treng me å gå djupare inn i tala og finne ut av kvifor elevane svarar slik dei gjer, sa ho til VG måndag.

Nordtun har tidlegare sagt at ho vil jobbe for ein nasjonal anbefaling mot mobilbruk i skulen.

Store variasjonar

På ungdomsskulane i Hallingdal er det Gol som skil seg ut. Her melder 30,4 prosent av tiandeklassingane om mobbing. Det er ein kraftig auke frå førre undersøking, då talet var på 20 prosent. Nesbyen og Hemsedal ligg på høvesvis 2,5 og 3,3 prosent. Resten av tala for Hallingdal er unnateke offentlegheit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Bekymra for mobbetala i sjuandeklasse

Resultata får vidaregåande skular er også offentleggjort for skuleåret 2022-2023. På Gol vgs melder 7,6 prosent av førsteklassingane om mobbing, og på Ål vgs er talet 12,5 prosent. Snittet for landet er 4,2 prosent på dette klassetrinnet.

Utdanningsdirektoratet fortel at 450.000 elevar svara på undersøkinga hausten 2023, som gir ein svarprosent på 85 prosent.