Styreleiar i Hardangerviddatunnellene AS, Tony A. Kjøl, ynskjer velkomen til oppstart- og innspelsmøte om ein veganalyse med tunnel over Hardangervidda. I midten bak Kjell Ove Kalhagen i Implement Consulting Group og dagleg leiar Harald V. Hove.

Stolar ikkje på Statens vegvesen

Forkjemparane for tunnel over Hardangervidda stolar ikkje på at Statens vegvesen får med alle moment i KVU-rapporten. Dei lagar sin eigen analyse over samfunnsnytten.

Kampen om kva som skal vera hovudvegar mellom Austlandet og Vestlandet er inne i sluttfasen.

At Rv7 over Hardangervidda er kortaste vegen mellom Oslo og Bergen, er eit faktum. Likevel har Statens vegvesen prioritert Rv7/Rv52 over Hemsedalsfjellet og E134 over Haukeli som framtidige hovudferdselsårer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alternativ analyse

Forkjemparane for å leggje Rv7 i tunnel over Hardangervidda nektar å gi opp kampen om vegmilliardane. Men dei stolar ikkje hundre prosent på konseptvalutgreiinga (KVU-rapporten) som Statens vegvesen er i gang med.

– Me meiner ikkje analysen til Statens vegvesen gir eit fullstendig bilete av fordelane ved å leggje Rv7 i tunnel over Hardangervidda. Det er ting som ikkje blir belyst godt nok i KVU-rapporten. Derfor lagar me ein alternativ og breiare analyse av den samfunnsøkonomiske nytta ved å velja kortaste vegen, seier styreleiar i Hardangerviddatunnelene AS, Tony A. Kjøl.

– Likeverdig løp

Selskapet er eit fellesorgan mellom kommunane Hol, Eidfjord, Nore og Uvdal, Ål, Ulvik og Ullensvang der di to fyrstnemnde har 80 prosent av aksjane. Dei fire andre har fem prosent kvar. Bergensaren Harald V. Hove er tilsett som dagleg leiar i selskapet.

Kjell Ove Kalhagen i Implement Consulting Group inviterte forsamlinga til å koma med innspel om vegløysingar over Hardangervidda.
Kjell Ove Kalhagen i Implement Consulting Group inviterte forsamlinga til å koma med innspel om vegløysingar over Hardangervidda.
Dagleg leiar Harald V. Hove og styreleiar i Hardangerviddatunnelene AS, Harald V. Hove, stolar ikkje på KVU-rapporten til Statens vegvesen og lagar sin eigen analyse.
Dagleg leiar Harald V. Hove og styreleiar i Hardangerviddatunnelene AS, Harald V. Hove, stolar ikkje på KVU-rapporten til Statens vegvesen og lagar sin eigen analyse.
Bortimot 40 inviterte gjester møtte opp då Hardangerviddatunnelene AS arrangerte innspelsmøte om veganalyse.
Bortimot 40 inviterte gjester møtte opp då Hardangerviddatunnelene AS arrangerte innspelsmøte om veganalyse.

– Samferdselsministeren har sagt at den samfunnsøkonomiske nytta vil vera avgjerande. Derfor må alle moment koma tydleg fram slik at det blir eit likeverdig løp før det endelege valet blir tatt. Rv7 over Hardangervidda er kortaste vegen mellom aust og vest, alle andre er omvegar, seier Harald V. Hove.

Oppstart og innspel

Tunnelselskapet har engasjert Kjell Ove Kalhagen i Oslo-firmaet Implement Consulting Group til å gjennomføre analysen. Kalhagen orienterte om analyseprosessen under eit oppstarts- og innspelsmøte på Bardøla høyfjellshotell på Geilo onsdag.

Der var 30–40 inviterte representantar frå turistnæringa og næringslivet på begge sidene av fjellet og representantar frå villreininteressene.

– Det er viktig at alle kort kjem på bordet så me får ein best mogeleg kost/nytte-analyse. Eg håpar det kjem mange gode innspel her i løpet av dagen. Me jobbar med fleire alternativ, frå 0-alternativet som er dagens veg, til fem korte tunnelar og ein lang tunnel, sa Kalhagen.