Ein lastebil med flytande nitrogen i tanken mista tankvogna i ein venstresving på Rv52 i Hemsedal i mai i år. Trekkvogna var like heil og politiet undersøkte om noko var gale med svingskiva som knyter tilhengaren til bilen. No har eigaren av tankvogna kome til at dei ikkje vil nytte denne typen svingskiver i sine transportar. (Arkiv
Ein lastebil med flytande nitrogen i tanken mista tankvogna i ein venstresving på Rv52 i Hemsedal i mai i år. Trekkvogna var like heil og politiet undersøkte om noko var gale med svingskiva som knyter tilhengaren til bilen. No har eigaren av tankvogna kome til at dei ikkje vil nytte denne typen svingskiver i sine transportar. (Arkiv

Stiller krav om sikrare utstyr

Gassleverandøren AGA krev no at svingskiva som svikta i Hemsedal ikkje blir nytta på deira transportar. Svingskiva koplar saman trekkvogna med hengaren på semitrailerar.

Ulykka der trekkvogna mista tilhengaren på Rv52 i vår fører til at firmaet som eigde hengaren no stiller strengare krav til dei som fraktar slik last.

– Me tek tryggleiken alvorleg. Etter hendinga i Hemsedal leigde me Det Norske Veritas til å granske. Dei kom til at den typen svingskive som var nytta hadde visse svakheiter. Me har no bede dei som køyrer for oss nytte ei annan skive.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det fortel sikkerheitssjef Jan Einar Daae i gassfirmaet AGA i Norge til Hallingdølen. Firmaet eig semitrailerane med gasstank og leiger inn trekkvogner til køyre desse tankane dit dei skal.

– Fokuset på sikkerheit hjå oss, og hjå Linde konsernet som me er ein del av, gjer at me granskar uheldige hendingar for å finne årsaka og for å lære. Me valde her å la utanforliggande teknisk ekspertise sjå uavhengig på saka, seier Jan Einar Daae.

Praktisk bruk

Han seier problemet med svingskiva som svikta ligg i kombinasjonen mellom teknisk løysing og praktisk bruk. I klartekst betyr det at det er mogleg for sjåførane som betener desse skivene å gjere feil som fører til at koplinga mellom bil og hengar ikkje blir heilt påliteleg.

Kvinna som køyrde bilen vart hardt skadd i ulykka der ein trailer mista hengaren ved Spildra i Gol i september 2012. (Arkiv
Kvinna som køyrde bilen vart hardt skadd i ulykka der ein trailer mista hengaren ved Spildra i Gol i september 2012. (Arkiv

Det er fleire typar av desse svingskivene. Dei blir produsert etter bestemmelsar som seier korleis dei skal vere. Utførelsen varierer likevel noko mellom dei ulike fabrikantane.

Fleire

Hallingdølen har dei siste tre åra kunna melde om tre slike ulykker på strekninga mellom Hemsedal og Gol. Etter dei to fyrste tok me opp saka med Statens Havarikommisjon for transport (SHT). Kommisjonen hadde då ikkje ressursar til å går nærare inn i problematikken.

Den fyrste ulykka skjedde i september 2012. Føraren av ein personbil vart hardt skadd i ein kollisjon med ein laus trailer på Rv52 ved Spildra i Gol. Den lause hengaren kappa toppen av bilen kvinna køyrde, før den vart ståande i vegbanen.

Den neste hendinga fann stad ein månad seinare. Eit vogntog mista tilhengjaren på Rv52 mellom Gol og Robru. Det vart ikkje funne openberre feil på vogntoget. Den tredje ulykka kom altså 16. mai i år.

Bot

Den fyrste av dei tre sakene på Rv52 førte til at den polske sjåføren vart ilagt ei bot på 10.000 kroner. I tillegg fekk han seks månaders forbod mot å køyre i Norge. I saka frå 16. mai i år kom politiet til at sjåføren ikkje kan lastast. Saka vart dermed henlagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit raskt nettsøk Hallingdølen har gjennomført avdekker tre andre slike hendingar: Ei i 2010 på Fv170 ved Harkerud i Aurskog-Høland. Ei i januar i år på E39 ved Giskemo i Ørskog og ei i mars i år på E6 i Malvik.