Ål SV ser ut til å forsvinne ut av kommunestyresalen saman med Hallvard Indgjerd. Det gjer det lettare for andre parti å kome inn med sine.
Ål SV ser ut til å forsvinne ut av kommunestyresalen saman med Hallvard Indgjerd. Det gjer det lettare for andre parti å kome inn med sine.

Stiller ikkje liste

Med mindre det skjer eit under, så stiller ikkje Ål SV liste til komande kommuneval.

Det er Hallvard Indgjerd som seier dette på telefon frå Roma.

– Eg er ikkje student meir og kan difor ikkje ha adresse på Ål lenger. Me har ikkje klart å finne andre som vil toppe ei liste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som nyutdanna arkeolog har Ingjerd no eit forskingsopphald på eit universitet i Roma før han skal vidare til Tyrkia. Etterpå er målet å finne seg arbeid ved eit universitetsmiljø i Norge. Han ser ikkje for seg eit pendlarliv frå Hallingdal.

For Ål SV kan dette bety slutten for eit politisk parti som har vore representert i kommunestyret sidan på 1980-talet. Ingjerd har hatt fast plass i kommunestyret siste fireårsperiode.

– Me har fleire namn på lista, men ingen som vil stå på topp, seier Ingjerd som vedgår dei har gitt opp førsøket.

– Med mindre det skjer eit under. Her i Roma trur ein jo på slikt, legg han til.

Per Ove Nybråten, Kjell Arne Haavaldsen, Runa Lyngvi og Vanja Suul Tørhaug står alle på dagens varaliste, men dei er altså ikkje innstilt på å rykke opp for å ta lokallaget vidare.