Vetle Sjåstad Christiansen gjekk inn til femteplass i dagens renn i Østerrike.
Vetle Sjåstad Christiansen gjekk inn til femteplass i dagens renn i Østerrike.

Sterk femteplass til Vetle Sjåstad Christiansen

Vetle Sjåstad Christiansen sikra seg ein god femteplass under sundagens fellesstart i Ruhpolding.

Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø, Julian Eberhard og Martin Fourcade kom i samla tropp inn til siste skyting på sundagens fellesstart i Rupholding. Då dei fire enda med å måtte ta ein strafferunde kvar, låg Vetle Sjåstad Christiansen godt an til siger.

Etter å ha skote fult hus på siste ståande skyting gjekk geilingen fyrst ut frå standplass, etterfølgt av Benjamin Weger. Men då Sjåstad Christiansen stivna, greidde likevel Johannes Thingnes Bø å smette forbi og gjennomføre ein suveren sisterunde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då eg såg Johannes passere på sluten, tenkte eg at dette blir tøft, seier Sjåstad Christiansen til NRK.

Geilingen gjekk til slutt inn til ein god femteplass. Thingnes Bø enda med å ta nok ein knallsterk siger. Medrekna dagens siger har han no slått sin eigen personlege rekord med åtte verdscupsigrar frå sist sesong. Julian Eberhard tok andreplassen, føre Quentin Fillon Maillet på tredjeplass. Martin Fourcade gjekk inn til fjerdeplass, snautt eit sekund føre Sjåstad Christiansen.