Rv7 er stengt ved Haugstøl på grunn av uvêr på Hardangervidda sundag føremiddag.
Rv7 er stengt ved Haugstøl på grunn av uvêr på Hardangervidda sundag føremiddag.

Stengt tunnel - Vidda er open att

Gudvangatunnelen er stengt og Rv7 over Hardangervidda var stengt deler av helga. No er vegen open att.

Måndag morgon melder Statens vegvesen at vegen over Hardangervidda er open for fri ferdsel. Det same er dei to andre fjellovergangane i Halingdal: Hol-Aurland og Hemsedalsfjellet.

Sundag var det derimot trøbbel for dei som skulle mellom aust og vest sundag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gudvangatunnelen vart stengt etter at det tok til å brenne i ein trailer. Tunnelen er stengt på ubestemt tid.

Vegtrafikksentralen tilrår omkøyring på Rv7 over Hardangervidda, Rv13 Granvin–Voss eller E39 Bergen–Førde/Skei og Rv5 Sogndal–Lærdal. Men sundag føremiddag var Vidda stengt på grunn av uvêr. På dei andre fjellovergangane som Rv52 over Hemsedalsfjellet, Fv50 Hol-Aurland og E134 over Haukelifjell var  det ope for trafikk, melde Statens vegvesen.