Statsministeren hadde selskap i eigen leilegheit på Geilo.

Erna Solberg braut smittevernreglane på Geilo: - Veldig lei meg

Erna Solberg samla fleire enn ti personar til middag då ho var på vinterferie på Geilo. No haustar ho massiv kritikk, og legg seg langflat.

– Som statsminister har eg eit spesielt ansvar for å følgje dei reglane og anbefalingane som gjeld. Eg har sjølv vore med på å vedta desse reglane og anbefalingane, og burde derfor kjenne til alle detaljar. Om besøket på restauranten blir følgd opp med bøter, skal me sjølvsagt gjere opp for oss som alle andre, seier Solberg i eit langt Facebook-innlegg om hendinga. Innlegget avsluttar ho slik:

– Eg har gjort feil, og for det vil eg seie unnskyld. Eg er veldig lei meg for det som har skjedd.

Artikkelen held fram under annonsen.

To middagar med for mange

Det var VG og NRK som først slo opp at Solberg hadde gjort eit regelbrot under eit opphald på Geilo i vinterferien. Ikkje berre ein gong, men to kveldar på rad.

Den første kvelden var følgjet 13 personar til bords. Då var ikkje statsministeren til stades, ho hadde reist frå Geilo for å oppsøke lege i Oslo.

Resten av reisefølgjet var på Hallingstuene for å ete mat. Til NRK seier drivar Berit Kongsvik at gjestene sat i eit eiget rom, med mykje plass og god avstand mellom gjestene.

– Me hadde ikkje dekt opp langbord, men gjestene sat på fleire småbord i kohortane dei var ein del av. Det er slik me har tolka smittevernreglane heile denne vinteren, seier ho.

Kvelden etter var Solberg tilbake i Hol, og fortel sjølv at dei var 14 personar som sat saman for å ete middag. Dei hadde bestilt sushi til den eine leilegheita som statsministeren og reisefølgjet leide.

– Planen var at alle skulle kome og forsyne seg, og så dele seg i dei to leilegheitene att. Men i staden vart alle verande i vår leilegheit, skriv Solberg på Facebook.

– Det var fire for mange. Me skulle ikkje hatt det sånn, og eg skulle stoppa det. Det gjorde eg ikkje, og eg kan berre seie at eg beklagar, seier ho.

Statsministeren og hennar reisefølgje braut altså reglane for kor mange som kan vere samla, to kveldar på rad. VG har stilt Solberg spørsmål om korleis ho kan vente at det norske folk skal klare å følgje reglane, om ikkje statsministeren sjølv greier det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det verste med dette er at eg er eit dårleg eksempel ovanfor alle andre. Eg skjønar at folk reagerer, blir sint og frustrert når dei ser at ikkje ein gong statsministeren har oversikt over reglane, seier ho.

– Synd

Også Hol-ordførar Petter Rukke har uttalt seg om hendinga.

– Det er så klart veldig synd. Det skaper jo ein diskusjon etter eit år med veldig hardt køyr rundt korona. Me må heile tida halde fokus. Der må me som politikarar vere eit forbilde, og vere klare på at me alltid må følgje reglane, seier Rukke til VG.

Les også
Skigaarden varslar søksmål mot staten: - Me har ikkje anna val

Både i Hol og i resten av landet var reglane dei same i vinterferien: Det var ikkje lov å samle fleire enn ti personar.

Les også
Ber folk droppe påskereise: - Du skal ikkje reise på besøk til familie i andre delar av landet