Vetle Sjåstad Christiansen var av dei som takla det tøffe vêret i Østersund best under fellesstarten.
Vetle Sjåstad Christiansen var av dei som takla det tøffe vêret i Østersund best under fellesstarten.

Standplassdrama i snøvêret

Vetle Sjåstad Christiansen skaut om medalje på siste ståande i Østersund.

Sundag avslutta skiskyttarane VM med fellesstartar i utfordrande forhold med snøvêr og vind.  

Med fire norske løparar på start var det håp om fleire medaljer på siste dag av meisterskapen. Vetle Sjåstad Christiansen hadde ingen problem med å hengje med på fyrste runden av fellesstarten, som gjekk i roleg tempo i dei svenske skogane.

Artikkelen held fram under annonsen.

God skyting

På fyrste liggjande var han ein av atten løparar som skaut fullt hus og gjekk ut i ei samla gruppe. I vind og snø trøbla mange på liggjande, men der skaut han også fullt hus. Av dei atten løparane, var det berre ti att i tetkampen etter andre skyting. På tredje runden tapte geilingen litt til teten, og var halvminuttet bak inn til stånde skyting. Der bomma alle i tet. I dei tøffe forholda var Christansen ein av få som skaut fullt hus. Geilingen gjekk ut som andremann , 19,6 sekund etter russiske Garanichev.

Drama

Siste ståande vart ein thriller. Johannes Thingnes Bø i tet skaut seg heilt bort med fem rundar, men han var ikkje aleine. I vinden vart det mange bom på fleire. Christiansen slapp unna med to rundar, og gjekk ut i ei større gruppe. Dominik Windisch frå Italia fekk eit solid forsprang på konkurrentane ut frå skyting, og sikra VM-gullet. Antonin Guigonnat sikra sølvet føre Julian Eberhard. Vetle Sjåstad Christiansen vart  til slutt nummer 12. Tarjei Bø vart beste norske på niandeplass.

– Altså, kroppen min hadde det heilt forferdeleg i dag. Han stritta imot på kvart einaste skøytetak. Eg er berre glad eg kom i mål med litt av æra i behold, for det her var heilt sjukt hardt, sa han til NRK, etter VM-avslutninga.