Pål K. Mikkelrud.
Pål K. Mikkelrud.

Stakk frå politiet – framleis på frifot

Mannen som stakk frå ein cannabisplantasje i Gulsvik er framleis på frifot.

Han var i bustaden då politiet kom for å sjekke.

Det var søkt etter han med hund, utan resultat. Politiets teori er at han vart plukka opp av ein bil på Rv7.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etterforskinga av denne saka er ikkje ferdig. Det er to etterforskarar som arbeider med saka, seier seksjonsleiar for etterforsking i Hallingdal lensmannsdistrikt, Pål K. Mikkelrud.

Det var i byrjinga av august at politiet fann ein plantasje med cannabisplanter i andre etasje i bustaden i Gulsvik.

– Noko var ferdig produsert, og det var også gjort klart for ei utviding av plantasjen, seier Mikkelrud.

Kor stor denne cannabisplantasjen var vil han ikkje seie noko om.

– Men den ville nok gi ei betydeleg mengde, seier Pål K. Mikkelrud.