Trond A. Johansen er leiar i Frivilligsentralen i Gol. (Arkivfoto)
Trond A. Johansen er leiar i Frivilligsentralen i Gol. (Arkivfoto)

Spring som sprettballar

– Tilsette spring som sprettballar for å løyse alle oppgåvene. Eg trur det må meir pengar på bordet.

Det seier leiar i Frivilligsentralen i Gol, Trond A. Johansen. Frivillige har i fleire år gjort eit bidrag i eldreomsorga, mellom anna ved omsorgsbustaden i Torstadvegen. I starten var oppdraget å stille som frukostvertar. Etter ei tid kom det på plass ei ekstravakt frå heimesjukepleia, som tok seg av denne oppgåva. Sidan då har frivillige stilt opp med aktivisering og sosialt arbeid. I dag har Frivilligsentralen to-tre medarbeidarar som jamleg er innom omsorgsbustaden.

– Me har aldri fått spørsmål om å utføre pleieoppgåver, men tilbakemeldinga er at det er vanskeleg å finne sin plass i systemet. Det er uklåre skilje mellom dei frivillige sine oppgåver og kva som er lovpålagde oppgåver. Utfordringa er størst når det er vikarar som ikkje kjenner systemet. Då har frivillige følt at dei har gått i vegen, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Johansen rosar kommunalsjef Aud Torill Sæbø for å leggje betre til rette for frivillig arbeid.

– Det er mykje positivt som skjer. Det er starta eit arbeid med å betre rutinane for samspelet mellom kommunen og frivillige. Frivilligsentralen har eit ønskje om å bidra meir, men det trengst også kompetent pleiepersonell. Eg skal vere varsam med å meine noko om det er nok bemanning. Men dei tilsette spring som sprettballar for å løyse alle oppgåvene. Eg trur det må meir pengar på bordet, slik at det er nok pleiepersonell. Så kan dei frivillige bidra med aktivitetar og ei hand å halde i, seier han.