Ordførar Heidi Granli (Ap) vil auke eigedomsskatten. Det vil ikkje Roger Toppen (H) vere med på. Her er dei på synfaring på den nye skulen. (Arkivfoto)
Ordførar Heidi Granli (Ap) vil auke eigedomsskatten. Det vil ikkje Roger Toppen (H) vere med på. Her er dei på synfaring på den nye skulen. (Arkivfoto)

Splitta på flyktningar

15. desember skal kommunestyret i Gol vedta budsjettet. Torsdag la formannskapet fram si tilråding.

Dei greidde ikkje å levere ei samla tilråding. Høgre sine

to representantar stemte imot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Heidi Granli vart denne veka utfordra av partisekretær Kjersti Stenseng til å setje partifarge på kommunebudsjettet.

– Me er ikkje i mål med alt, men eg har heldigvis fire år meg, seier Granli. Ho har fleire gonger understreka at skuleinvesteringa fører til at det er lite pengar att til andre prioriteringar.

Idrettsfolk, gamle og unge

– Me har gått inn for å investere i fleirbrukshall. Det er ei satsing folkehelse, ungdom og frivillige lag og organisasjonar. Gol IL får betre forhold slik at fleire kan vere i aktivitet. Me har også satsa på helse og omsorg. Me aukar ressursane til Dagsenteret med 350.000 neste år. Det vil gje lengre opningstid og ei utviding av tilbodet, seier ho.

Formannskapet fann ikkje rom for å ruste opp avdelinga ved helsetunet som står tom. Dette er lagt inn i økonomiplanen for 2017. Her kan det bli korttidsplassar og avlastingsplassar.

Eigedomsskatt

Det var to spørsmål som førte til at Høgre stemte imot budsjettet. Høgre ville ikkje vere med på å hente tre millionar gjennom auke i eigedomsskatten. Roger Toppen seier partiet kjem til å leggje fram eit alternativt budsjett. Han vil hente inndekning gjennom «å ta strukturelle grep».

- Konkret betyr det å redusere lønsutgiftene til kommunen. Det betyr ikkje at me skal sparke folk. Men når nokon går av med alderspensjon, vil stillingar stå ledig. Prognosane viser at det blir færre barn i Gol. Då kan me ikkje ha den same bemanninga i barnehagar og skular, seier han.

– Naivt om flyktningar

Høgre er også på kollisjonskurs når det gjeld talet på flyktningar. Formannskapet tilrår at kommunen skal busetje 24 flyktningar årleg dei neste fire åra.

– Viss me skal klare å integrere flyktningane på skikkeleg vis, klarar me ikkje å ta imot meir enn ti årleg, seier Toppen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fleirtalet har budsjettert med at flyktningane vil gje ei inntekt til Gol kommune gjennom statlege tilskot. Mange av dei som alt er busett, står utan arbeid. I år har me brukt meir enn budsjettert på sosialkostnader relatert til flyktningar. Det det er naivt å tru at det blir lettare tilgang på arbeid når me skal ta imot mange fleire, seier han.