Sjåførane blir varsla i Bromma om kva som ventar. Men mange brydde seg ikkje om det i fjor. 443 personar vedtok eit forenkla forelegg etter å ha køyrt for fort på denne strekninga.
Sjåførane blir varsla i Bromma om kva som ventar. Men mange brydde seg ikkje om det i fjor. 443 personar vedtok eit forenkla forelegg etter å ha køyrt for fort på denne strekninga.

Sopte inn 2,6 mill.

Det er på veg til Hallingdal bilistane køyrer fortast. Det er då dei oftast blir tatt av fotoboksane.

Det er spesielt ei strekning som peikar seg ut: ATK-strekninga frå Bromma til Nesbyen.

Av dei 2,6 millionane som fotoboksane på Rv7 i Hallingdal sopte inn i fjor, betalte bilførarane som vart tekne på veg nordover på denne strekninga 961.000 kroner av desse bøtene. Flest bilar vart også kontrollerte på veg nordover frå Bromma til Nesbyen. Men så var fotoboksane i drift flest timar her. Med andre ord: Skal du til Hallingdal, vêr obs når du møter fotoboksen ved Bromma.

Artikkelen held fram under annonsen.

God butikk

Fotoboksane var også i fjor god butikk. Men bøtene var samla sett atskilleg mindre enn i 2012 då det vart «køyrt inn» 4,4 millionar.

Bøtene fordelte seg slik i fjor:

* Bromma-Nesbyen – 961.100 kroner.

Det er når dei køyrer nordover dei fleste bilistane blir tekne. Spesielt etter at dei har passert denne fotoboksen i Bromma.
Det er når dei køyrer nordover dei fleste bilistane blir tekne. Spesielt etter at dei har passert denne fotoboksen i Bromma.

* Svenkerud – 854.800 kroner.

* Nesbyen-Bromma – 468.200 kroner

* Ål aust – 259.200 kroner

* Ål vest – 72.600 kroner

Flest på Svenkerud

Men det var likevel i 60-sona på Svenkerud det gjekk flest førarkort i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til saman ni av til saman 14 førarkortbeslag var i 60-sona på Svenkerud. Tre førarkort vart beslaglagt på den før omtalte strekninga Bromma-Nesbyen og to i fotoboksen aust for Ål.

Varierande drift

Om ikkje alle er klar over det: Fotoboksane er ikkje i drift i alle døgnets timar.

Det varierer faktisk veldig mykje, ifølgje tala frå politiets ATK-sentral. Årsakene er fleire, som at kamera er til reparasjon.

Mens kameraet i fotoboksen ved Ål vest berre var i drift i 326 timar i fjor, var kamera på ATK-strekninga Bromma-Nesbyen i drift 7046 timar.

Færre kontrollerte

1796 bilførarar vart fanga av fotoboksane i Hallingdal i fjor.

Det er ein nedgang på eit par hundre frå året før. Men så vart det også kontrollert færre køyretøy i fjor, godt og vel 1,8 millionar mot 2,6 millionar køyretøy i 2012. Statistikken viser elles at 53 bilførarar vart melde etter å ha passert fotoboksane. Det vart vedteke 1036 forenkla førelegg.