Slik såg det ut på Kikut fyrste juledag.
Slik såg det ut på Kikut fyrste juledag.

Søpla fløymer over - renovasjonsselskap tatt på senga av stor juletrafikk

Fyrste juledag rydda Hallingdal Renovasjon fem tonn med søppel på Kikut.

Hallingdølen har fått tilsendt bilete frå returpunktet ved Kikut, som alt vesle julaftan begynte å fløyme over med søppel.

Har ordna opp

Andre juledag måtte Hallingdal Renovasjon sende ut tre bilar for å rydde opp i kaoset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er klare over at Kikut er eit av dei travlaste punkta våre. Me var ikkje klar over at behovet for tømming var så stort no i jula. Då me fekk beskjed var me på plass i løpet av ein time. Me måtte ha ut tre bilar fyrste juledag, og henta fem tonn berre på dette punktet ved Kikut, seier Torgeir Vestenfor, driftsleiar renovasjon i Hallingdal Renovasjon.

Tekne på senga

Renovasjonsselskapet er vane med at det hopar seg opp med hytterenovasjon fleire plassar rundt påske. Jula har vanlegvis pleidd å vera rolegare, sjølv på Kikut – det travlaste punktet på ruta.

– Me køyrde søppel juleeftan, og skulle i utgangspunktet ikkje begynt på att før andre juledag. Men det er tydeleg at stadig fleire feirar jul på hytta, og såleis vart me tekne litt på senga, seier Vestenfor. – No blir det dagleg tømming framover, det er me nøydde til, legg han til.

Dagleg tømming

På Kikut er det plassert ut såkalla molok – nedgravne avfallsbrønnar til kjeldesortering. Det var særleg desse som fløymde over, slik at folk begynte å sette at søppel på bakken. Og når éin fyrst har begynt å sette søppel utanfor, så har ein det gåande. Viss det i tillegg blir vind og ruskevêr forsvinn søpla fort ut i naturen. Vestenfor ber folk sjekke kor vidt avfallsbrønnane faktisk er fulle, før dei begynner å sette søppel utanfor.

– No og då ser me at ein del set avfallet utanfor, sjølv om brønnane ikkje er heilt fulle, seier han.