Sølv og bronse. Hallingdølen vart heidra med både sølv og bronse i den skandinaviske designkonkurransen. Prisutdelinga skjedde i Pressens Hus i København tysdag.
Sølv og bronse. Hallingdølen vart heidra med både sølv og bronse i den skandinaviske designkonkurransen. Prisutdelinga skjedde i Pressens Hus i København tysdag.

Sølv og bronse til Hallingdølen: To prisar i nordisk designkonkurranse

Hallingdølen vart heidra med to prisar under den skandinaviske designkonkurransen. Avisa fekk sølv for «På rett veg» og bronse for «Så mykje meir enn ein dress».

Society for News Design Scandinavia (SNDS) er ein årviss konkurranse for skandinaviske aviser og digitale medium.

Den skandinaviske mediesamlinga var lagt til Pressens Hus i København denne veka. Under prisutdelinga tysdag kveld vart Hallingdølen heidra med to prisar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sølv: «På rett veg»

Avisa fekk sølv for reportasjen «På rett veg». Det er ei historie om trailerkøyrar Stian Ekra som kom seg tilbake frå eit tungt og vanskeleg liv.

Juryen hadde denne grunngivinga:

«Ei mørk og sterk historie om ein lokal kar som har levd eit hardt liv og fått seg jobb som sjåfør og køyrer lange distansar kvar natt. Hallingdølen kjem svært nær Stian med historia hans. Bileta er mørke, men klare. Samspelet mellom bilete, titlar og tekst er svært bra. Me møter ein mann på veg ut frå mørket og inn i lyset. No er Stian på rett veg, som tittelen fortel».

Det er typograf Jarle Stanes som har forma ut reportasjane som Hallingdølen fekk sølv og bronse for i den skandinavisk designkonkurransen (SNDS). Biletet er frå prisutdelinga i København.
Det er typograf Jarle Stanes som har forma ut reportasjane som Hallingdølen fekk sølv og bronse for i den skandinavisk designkonkurransen (SNDS). Biletet er frå prisutdelinga i København.

Det er Signe Fuglesteg Luksengard som har fotografert og skrive reportasjen som er redigert av Olav Johannes Bøthun og designa av Jarle Stanes.

Bronse: «Så mykje meir enn ein dress»

Det er også Fuglesteg Luksengard, Bøthun og Stanes som står bak bronsevinnar «Så mykje meir enn ein dress».

Dette er ein reportasje om Anders Storøygard som lagar skreddarsydde dressar.

Om denne historia uttalar juryen:

«Tallause timar ligg bak ein god dress, og Anders Storøygard kan hjelpe deg med det. Presentasjonen av denne historia er edrueleg og kreativ og forma ut som ein klassisk Armani-dress. Svart/kvitt-bileta passar godt med historia om den unge mannen med det gamle yrket. Både bileta og presentasjonen er gjort på ein måte som gir ei kjensle av at reportasjen er sydd med nål og tråd».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Moro og gledeleg

Å vinne prisar i konkurranse med nordiske riksmedium er eit kvalitetsstempel. Det er utmerkingar som blir lagt merke til.

– Det er alltid moro og gledeleg å vinne prisar, spesielt når konkurransen er så hard. Å vinne sølv i den nordiske konkurransen er veldig bra. Det er ei sterk historie om Stian Ekra med gode bilete og ein stilfull og gjennomført presentasjon, seier redaktør Embrik Luksengard.

Det er typograf Jarle Stanes som har forma ut reportasjane før dei vart sendt i trykken og har ein stor del av æra for designprisane.

– Det er moro å vinne prisar i ein så knallhard konkurranse. I begge reportasjane var det veldig gode bilete å jobbe med, dei var med og lyfta presentasjonen, seier Stanes.

Det var norske medium som fekk hovudprisane i den skandinaviske designkonkurransen.

VG fekk hovudprisen for papiraviser og Adresseavisen hovudprisen i digitalklassen.

Dagens Næringsliv, Dagbladet, Aftenposten, Bergens Tidende, Trønder-Avisa, Hallingdølen, Vårt Land, Adresseavisen og NRK var andre norske prisvinnarar i SNDS.