Tom Bjerknæs under innspeling av filmen Switch Hemsedal i 2007.

Snøbrett-legenden Tom «Tommen» Bjerknæs er død

Vart 70 år gamal.

Det var magasinet Fri Flyt som først melde om nyheita i dag. «Tommen» skal ha vore sjuk i lengre tid før han gjekk bort.

Eit ikon

Tom Bjerkenæs, mest kjent som «Tommen» var ein av dei første i Norge som køyrde snøbrett. Debuten hans kom i Wyller-løypa heilt tilbake i 1972. Den gongen stod ikkje brettkøyrarar særleg høgt i kurs, noko han fortalde om til Hallingdølen for eit par år sidan:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har høyrt mykje drit frå folk på to plankar.

Tommen vart etter kvart eit ikon innan miljøet. Dei siste 30 åra har han budd i Hemsedal, og vore fast innslag i bakkane i bygda. Han har hatt mellom 200 og 250 dagar på ski i året.

I 2018 hadde Hallingdølen eit stort intervju med Tommen, der han fortalde om livet sitt. Det kan du lese her.

Vart hemsedøl

Tommen kom til Hemsedal i 1992. Då var han lei av å køyre att og fram frå Oslo, og bu i bilen. Han melde flytting, og sidan har han blitt. Først i eit hus ved skianlegget, deretter nede i sentrum.

Innan snøbrettmiljøet er Tommen ein helt. Men han vart for alvor kjent for almenta i Norge då han vart portrettert av sjølvaste Peter Stormare i filmen «Switch» i 2007. Han har også figurert som modell for kunstnaren Odd Nerdrum. Men ikkje noko av dette har vore det viktigaste for «Tommen» - det er det brettkøyringa og snøen som har vore. Eller «den kvite dame» som han konsekvent omtalte snøen som.

Han har gjennom alle sine år køyrt på brett med dei norske stjernene, og var blant anna god ven av profilen Mikkel Bang.

Han seier følgjande til VG etter Tommens bortgang:

– Eg kjem til å sakne hans nærvær og gode energi. Tommen har betydd utruleg mykje for meg, og saknet vil bli stort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snowboardforbundet har også kome med ein uttale i dag. Med eit bilete av brettlegenden skriv dei følgande:

«Kvil i fred, Tommen. Du er ein legende, og vil fortsette med like stor kraft å vere ein stor inspirasjon for alle som elskar brettsport. Takk for alt du gav».

Les også
Førvinter blues
Tom Bjerknæs, frå eit møte med Hallingdølen i 2018.