Buhunden Balder er klar. Det er også hundeeigar Håkon Myro (t.v.). For til sommaren opnar Sverre Skrindo opp hundepark i Sando i Ål.

Snart kan Balder få rase rundt som han vil: – Eg har funne ut at den største gleda du kan ha er å gjera hunden glad

Sverre Skrindo har no tenkt seg ferdig. 500 meter med gjerde vart handla inn like før jul – for til sommaren opnar han Bukkehaugen hundepark.

– Dette blir spennande. Eg må seie det.

Skrindo held til på garden Krosshaug i Sando i Ål. Han har lenge lurt på å lage eit friområde for hund på eige tomt, som ein plass hundeeigarar kan la sin firbeinte ven trene, leike og springe ifrå seg – utan å vera i band.

Artikkelen held fram under annonsen.

Variert boltreplass

For mellom garden og Sando barnehage ligg beitet med den gamle husmannsplassen Bukkehaugen, eit kupert og variert område på 12-13 mål. Her er det ikkje snakk om å sleppe hunden ut på eit lite flatt jorde. Det er plass til å gøyme seg og å bryne seg på terrenget.

– Det er moro for hundane å sleppe band heile tida. Det handlar om at hunden skal få lov å vera hund. Dette blir litt anna enn å stå i ein hundegard, men det må gjerast ordentleg, seier Skrindo.

Så snart snøen går, skal han i gang med å få opp det to meter høge gjerdet rundt området, for å sikre at ikkje hundane kjem seg ut. Skrindo har alt begynt å rydde og dottera Sigri har oppretta nettsider der interesserte kan følgje med fram til opning.

Les også
Sitt, ligg – du er henta! Slik har Albert, Alvin, Bajas, Jølle og dei andre det i hundebarnehagen

Hygge for to- og firbeinte

– Så må me få på plass ein gapahuk og bålpanne tidleg, slik at folket kan kose seg mens hunden kan rase rundt å leike. Planen er å bruke vinteren til å få på plass ei heimeside, der du kan booke tid slik at du kan ha plassen for deg sjølv i ein halvtime eller times tid om gangen. Men om hundane, og folka, går i lag er det ikkje noko i vegen for å vera fleire, forklarar han.

Skrindo ser også for seg at hundeparken kan nyttast på vinterstid.

Ideen fekk Skrindo gjennom kjente. For dei siste åra har det dukka opp fleire slike friområde for hund rundt om. I tillegg har han lufta ideen for fleire. Tilbakemeldingane er berre positive.

Styrker helsa for hundar og folk

Utvida reglar om bandtvang i mange kommunar set tydelege avgrensingar på kvar og når hunden kan gå utan band.

I 2021 oppmoda Norsk Kennel Klubb alle kommunar om å opprette friområde for hund fordi mange kommunar ikkje prioriterer hund og hundehald.

Samtidig auka talet på hundar. I 2021 var det 560.000 hundar i Norge. 1,2 nordmenn lever med hund.

Kennelklubben meiner friområde for hund er effektive og enkle tiltak for å styrke både folke- og hundehelse.

Les også
Statsforvalteren vil forby hundekøyring på vidda: – Heilt katastrofe for oss!

På ønskelista til fleire

– Eg er sikker på at dette blir bra og blir eit stort pluss for Ål. Mange har behov for å sleppe hunden på ein trygg plass. Området passar også perfekt til å øve innkalling, søk og liknande. Ikkje minst er det ein fin plass å få bruke kroppen og kunne springe frå seg, seier Håkon Myro, som har med seg buhunden Balder.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hundeeigar og nabo Håkon Myro og hunden Balder har inspisert området opptil fleire gonger. - Eg har trua. Dette er eit stort pluss for Ål, seier Myro.

Dei har alt vore å inspisert området tidlegare og er klare til å ta i bruk parken.

– Det er moro med positive tilbakemeldingar, for det er tydleg at mange hundeeigarar lenge har ønskt seg eit slikt område. I tillegg, kan det vera eit fint tilbod for hyttefolk og dei som treng ein stopp langs Rv7 på reise mellom aust og vest, legg Skrindo til.

Likevel er han ikkje heilt sikker på kva han gir seg ut på. Han reknar med å bruke mellom 200.000- og 300.000 kroner pluss eigeninnsats på prosjektet.

- Det er jo gambling, for eg tek ein sjanse. Men det er artig om hundeparken kan vera til glede for både hundar og folk. Eg har funne ut at den største gleda du kan ha er å gjera hunden glad, seier han lurt.

Sverre Skrindo er spent på om folk vil bruke Bukkehaugen hundepark, som opnar til sommaren.
Les også
Treng ny hundepark frå neste år - vil ha kommunen med på laget

Steg for steg

Skrindo ser for seg å lage til hinder og forskjellig i hundeparken etter kvart. I tillegg, rigge seg til slik at det er lett å rydde etter seg.

– Det handlar om å legge til rette for trivsel for alle. Det kjem sikkert innspel frå hundeeigarar etter kvart. Vegen blir til mens me går, for det er sikkert mykje eg ikkje har tenkt på til no, legg han til.

Det er ikkje lenge sidan hans eigen hund, Cindy - ein norsk lundehund oppkalla etter supermodellen, gjekk bort.

– Blir det ny hund då, spør Myro.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg får sjå litt, men det blir vel til det. Det er eit stort sakn at Cindy er borte og eg sparar enno siste biten av brødskiva til henne, av gamal vane, seier Skrindo.

Sverre Skrindo har hatt med seg fleire hundeeigarar for å teste området før han bestemte seg for å lage friområde for hund. - Du såg verkeleg korleis hundane kosa seg og sprang hit og dit. Det er moro for dei å lea på seg og sleppe band heile tida, seier han.