Bodil Jenssen Houg.
Bodil Jenssen Houg.

– Snakk pent om andre

At vaksne snakkar fint om andre er det viktigaste me kan gjera, seier Mobbeombodet i Buskerud, Bodil Jenssen Houg.

– Me må korrigere når andre blir krenka. Alle gjer feil i blant. Foreldres skrekk er at barna skal bli mobba, men det er lett å gløyme at eigne barn også kan gjere vonde ting mot andre, seier Bodil Jenssen Houg.

Mobbeombodet i Buskerud var denne veka i Hol og Hemsedal på godt besøkte foreldremøte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Må korrigere krenkingar

Det var skulesjefane i dei to kommunane som hadde invitert. Mobbing har stått høgt på agendaen dei siste åra, noko også Hallingdølens avisspalter i periodar har vore prega av.

Mobbeombodet har vore i dalen før, også som ressursperson i konkrete vanskelege saker.

Denne gongen handla besøket om kursing og førebygging. Mellom anna vart det arrangert to godt besøkte foreldremøte.

– Kvar der det skoen trykkjer?

– Når me er i relasjon med kvarandre er det gjerne rangordningar. Det gjeld å ikkje støtte opp om desse. Det betyr å korrigere kvarandre når andre blir krenka og snakka nedlatande om. Skulefolk veit kva dei skal gjere. Dei har verktøy.

Vart politisk sak

I Hemsedal vart mobbing også løfte inn i kommunestyresalen, for eit års tid sidan. Pål Rørby (Sp) er av dei som drog i gang debatten. Han var også på møtet torsdag kveld.

– Eg trur nok mange fekk opna auga. Det er mange problemstillingar.

– Kva tek du med deg vidare som politikar?

Artikkelen held fram under annonsen.

– At me gjorde noko riktig då me bad om jamleg rapportering mellom skule og skuleeigar (kommunestyret, red.merk.) og at me er ope og ærlege om dei problema som finst. Me må ha innsyn for å løyve pengane som må til, seier han.

– Sosiallærar med positiv effekt

Etter at mobbing kom på det kommunale sakskartet vart det tilsett sosiallærar i halv stilling på Hemsedal barne- og ungdomsskule. Annelis Strange Hansen har regi på ei rekkje sosiale tiltak, og det går jamt i både gruppesamtalar og individuelle samtalar elevar i mellom. Rektor Morten Lien seier effekten har vore svært god.

– Me ser at me har større mogelegheit til å setje inn førebyggande tiltak, og det er kortare veg til handling. Trass i kort prøvetid ser me ein positiv effekt, seier han.

Rørby er overbevist om at det er mange, også vaksne som har mykje å gå på når det gjeld mobbing.

– Det handlar om å ikkje slenge drit og snakke nedlatande om kvarandre. Det gjeld i skulen, rundt middagsbordet og i kommunestyresalen. Dette er noko å ta med seg i mange samanhengar, seier han.