Sluttar som redaktør i Hallingdølen
Hallingdølen må ut på redaktørjakt. Ansvarleg redaktør, Embrik Luksengard, har sagt opp stillinga si.
Luksengard vart konstituert som ansvarleg redaktør i Hallingdølen etter Bjarne Tormodsgard ved årsskifte 2016/2017. Sommaren 2017 vart han fast tilsett i stillinga.
– Eg sa fyrst ja til å stå i stillinga i eitt år. No blir det nærare tre år før eg går av. Det får vera høveleg, seier Luksengard.
Artikkelen held fram under annonsen.
Andre oppgåver
Luksengard skal ikkje slutte i Hallingdølen. Han vil gå over til andre oppgåver.
– Eg er klar for andre gjeremål i redaksjonen. Primært ynskjer eg å gå attende til dei funksjonane eg hadde før eg vart tilsett som ansvarleg redaktør.
Lang fartstid
Luksengard er ein av veteranane i Hallingdølen. Han begynte som journalist i 1985. Seinare vart han tilsett som desksjef og vaktsjef før han overtok som ansvarleg redaktør i 2017.
– Redaktørjobben har vore ein spennande, lærerik og utfordrande jobb. Men også krevjande, understrekar Luksengard og legg til;
– Økonomien er til liks med resten av avis-Norge den største utfordringa for Hallingdølen. Men avisa står sterkt lokalt. Eg er optimist på avisas vegner. At me har greidd å snu siste års opplagsnedgang til oppgang, er ekstra gledeleg.
Blir lyst ut
Ifylgje styreleiaren i Hallingdølen, Kjell Vidar Bergo, vil redaktørstillinga bli lyst ut med det fyrste. Bergo håpar å ha på plass ny ansvarleg redaktør i løpet av seinhausten. Luksengard held fram i stillinga inntil redaktørskifte er på plass.
– Me skulle gjerne hatt Luksengard i redaktørstolen litt lenger. Men oppseiinga kjem ikkje uventa. Han takka ja til redaktørjobben etter sterk oppmoding frå styret. Samstundes var han tydeleg på at han ikkje ville sitje lenge i redaktørstolen, seier Bergo.
Men styreleiaren i Hallingdølen er glad for at Luksengard skal halde fram i avishuset.
Artikkelen held fram under annonsen.
– For Hallingdølen er det viktig å dra nytte av kompetansen til Luksengard i åra framover, understrekar Bergo.