Sluttar som lensmann
Inger Lill Lanes sluttar etter berre eitt år som regionlensmann.
– Eg har fått tilbod om å halde fram i eitt år til, men eg har takka nei, seier Lanes.
Som alle lensmenn som blir tilsett i desse dagar, er tilsetjinga mellombels i påvente av politireforma. Ho begynte ved årsskiftet i stillinga som lensmann i Gol og Hemsedal og regionlensmann i Hallingdal/Nore og Uvdal. Ho kom frå stillinga som lensmann i Stryn og Hornindal. Ho skal ikkje tilbake dit – men til ei annan stilling i politiet i Sogn og Fjordane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg skal arbeide i ei administrativ stilling i Florø, seier Lanes.
– Korleis har dette året på Gol vore?
– Eg trivst veldig godt. Eg skulle gjerne ha halde fram. Men det er omsynet til familien som gjer at eg flyttar tilbake.
Stillinga som lensmann i Gol og Hemsedal er lyst ut med søknadsfrist 30. november. Det er enno ikkje teke stilling kva som skjer med stillinga som regionlensmann.