Dag-Roal Wisløff under eittårsmarkeringa av krigen.

Slutt etter halvanna år: – Det er eit stort vemod på huset

UDI har bestemt at akuttinnkvartering av ukrainske flyktningar ved Skarslia i Ål opphøyrer 20. oktober.

– Det er eit stort vemod på huset, seier fungerande leiar Tove Vigdel.

Sidan 2022

Per 28. august bur det 138 menneske på Skarslia, som har drive akuttinnkvartering for ukrainske flyktningar sidan påske 2022.

Artikkelen held fram under annonsen.

607 menneske blitt busett andre stader sidan den gong. Totalt har då 808 barn og vaksne vore innom akuttinnkvarteringa i Vats dei siste 15 månadene.

– Kva kjenner de på no som det er over?

– Me kjenner framleis på vemod. Me ville gjerne stå i dette og hjelpe så lenge me kunne, seier Vigdel. Ho har tatt jobben etter sambuaren hennar, Dag-Roal Wisløff, som fram til mai i år var leiar ved mottaket.

Rosar kommunen

Dei bur begge i Larvik, men har blitt godt kjent med Ål etter å ha vore i kommunen i halvanna år.

– Det har vore så takknemleg å drive mottak i denne bygda, seier Vigdel og held fram:

– Det er ikkje gitt å bli møtt med skule frå dag ein og ein frivillig innsats me nærast kunne sende ynskjeliste til. Me har heller aldri blitt gløymd når Ål har sendt ut invitasjon til kulturarrangement. Det er ein unik varme her, seier ho.

Også Wisløff, som var leiar i over eitt år, skryt av kommunen.

– Og ikkje minst hotelleigaren, Ståle (Skarsgård Eggestøl, journ. merkn.) Han har vore eineståande. Me ligg også i eit ski- og akesenter, kor Sondre (Eggestøl) har vore fin å samarbeide med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bebuarar og tilsette ved Skarslia akuttinnkvartering.

– Alt blir snudd på hovudet

Paret er samd om kor bra godt maskineriet i Ål har fungert. Dei er også samde om kor vondt det blir å leggje ned drifta.

– Det er trist at ein legg ned eit akuttmottak som har så gode resultat og får så mykje gode tilbakemeldingar frå dei lokale, kommunen, og dei som bur her. Me er ein stor stab som synest dette er trist, seier Wisløff.

– Me har ynskje om å drive vidare, men beskjeden er komen frå UDI. Me veit veldig lite om korleis prosessen blir. Enn så lenge går ting som vanleg, seier Vigdel.

– Kva skjer med dei tilsette?

– Det er ein del ulike liv og familiar her oppe. Me har ein ukrainsk familie som jobbar på kjøkkenet. Dei vurderer å reise attende til Ukraina. Det står att å sjå. Sjølv om me har vore klar over at beskjeden kan koma, ettersom me er ei akuttinnkvartering, så er me ikkje budd på den måten.

– Det kjennest som om alt blir snudd på hovudet og me må prøve å finne ut av det vidare tilværet, mens me framleis er til stades her med hjarta våre, seier ho.

– Det er ingenting å gjera med dette?

– Nei, slik er det. Me må rette oss etter beskjedane frå UDI, som formidla dette til oss for to veker sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

"Kjøkkensjefane" ved Skarslia frå Ukraina med Tove Vigdel i midten.

Framleis behov

– Er grunnen at flyktningstraumen har roa ned?

– Det kjem mange frå Ukraina til Norge framleis. Dagen me fekk beskjed om at det skulle leggjast ned, fekk me også beskjed om 23 nye bebuarar, seier Wisløff.

– Korleis har det vore å drive akuttmottaket i Ål?

– Det har kravd ein enorm arbeidsinnsats og ikkje minst ei haldning blant dei tilsette om korleis ein jobbar. Her er alle handplukka og ynskjer å bidra. Dei har gjort ein kjempeinnsats og eg, som leiar, er takksam for å sjå det. Ingenting hadde vore mogleg utan dei lokale kreftene. Til dømes då alle fekk julegåver, seier Wisløff.

– Kva for utfordringar kjem no som mottaket skal leggjast ned?

– Det blir spennande. Det er ei bekymring for bebuarane. Me har erfaring etter at mottaket blei lagt ned i Flå. Det var ingen enkel overgang, korkje for dei som jobba på Flå eller dei som jobbar på Skarslia. Aller minst for dei 50 bebuarane som vart flytt over. Det skapte mykje uro og usikkerheit.