Politiet melder om ein del fyll og bråk påskeeftan. (Ilustrasjonsfoto)
Politiet melder om ein del fyll og bråk påskeeftan. (Ilustrasjonsfoto)

Slo seg sjølv med flaske og måtte syast

Politiet fekk litt å henge fingrane i då me gjekk inn i det nye året.

2018 har blitt til 2019, og medan nokre sov seg inn i det nye året, var andre ute og feira. Morgonen 1. januar kan operasjonsleiar Øystein Eikedalen fortelje at det har vore nok å drive med for politiet i Sør-Øst natta etter nyttårsaftan. 

– Det har vore på fellesferie-nivå når det gjeld avvikling av oppdrag, fortel han. Også i Hallingdal har politiet vore på farten dei første timane i det nye året. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Køyrd heim

Først på Dr. Holms på Geilo, der det vart meldt klokka 00.43 om to gjester som var aggressive. 

– Me var i kontakt med dei, men dei fekk ingen formell bortvisning. Me fekk roa det ned, seier Eikedalen. 

Klokka 02.10 var ein mann overstadig rusa i Gol sentrum, han var ifølge operasjonsleiaren utagerande og vart til slutt køyrd heim av politiet. 

Slo seg sjølv

I Hemsedal var det også eit par episodar natt til 1. januar. Først klokka 03.38, då ein rusa person slo seg sjølv i hovudet med ei flaske inne på ein serveringsstad. Han fekk såpass kutt at han måtte sy. Personen var utagerande, og politiet måtte hjelpe fram til vedkommande hadde roa seg ned og vart varetatt av ambulansepersonell.  

Klokka 03.54 fekk politiet melding om fire rusa personar på eit hotell, der dei var uønskte. Dei var ikkje samarbeidsvillige då patruljen kom fram, og vart deretter tatt med til arresten på Gol.