Nordlyset viste seg over torsdag kveld.
Nordlyset viste seg over torsdag kveld.

Slik vart natta på Finse

Nordlyset kom til syne mange stader sør i landet natt til fredag. Mellom anna fekk deltakarane i Røde Kors-øvinga på Finse med seg dei flotte fargane.

– I går kveld dansa nordlyset seg langt sør i landet vårt, tvitrar meteorologane. På Finse på Hardangervidda deltar mange på Røde Kors’ fjellredningskurs, som går av stabelen for 60. gong. Seint torsdag kveld kom dei flotte fargane til syne på den stjerneklare himmelen.

Meteorologane rår folk til å ta ein titt på nettsida til Universitetet i Tromsø for å sjå kvar det blir meir aurora borealis dei neste dagane. Det ser ut til å bli klart mange stader og moglegheiter for å ta fleire flotte bilde. (©NPK)