Vinteren nærmar seg.
Vinteren nærmar seg.

Slik var oktober-vêret

Etter ein september-månad heilt utan minusgrader i lågareliggjande strøk, slo frosten til alt det fyrste døgnet i oktober.

Den automatiske vêrstasjonen på Nesbyen-Todokk registrerte då ein minimumstemperatur på - 1,4 grader. Ein sterk, blokkerande høgtrykksrygg over Skandinavia gjorde sitt til at me hadde nattefrost så å seie heile den fyrste halvdelen av månaden.

Trass i at den siste delen var langt mildare, vart likevel oktober den fyrste månaden sidan januar som var kaldare enn normalt i heile Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Atypiske oktober

I snitt var årets oktober den kaldaste sidan 2012, den gongen Dagali sette fylkesrekord med - 22,5 grader som minimum.

At oktober markerer seg med negativt forteikn, i bokstaveleg forstand, er ikkje direkte overraskande. Det kan sjå ut som om denne tiande månaden i året kanskje er den som er minst påverka av klimaendringane dei siste 25-30 åra. På Gulsvik til dømes, har oktober vore kaldare enn normalt fire av dei siste fem åra, på Nesbyen tre av dei fem siste.

Levde opp til namnet

Det stasjonære høgtrykket i fyrste del av månaden gav fleire fine dagar. Verken Nesbyen eller Geilo hadde likevel meir enn fire reine klårvêrsdagar. Geilo hadde 16 heilt overskya dagar, Nesbyen 15.

Vinterdagen etter den gamle primstaven, 14. oktober, levde opp til namnet sitt. På Nesbyen var dette den kaldaste dagen i heile månaden.Og saman med dagen før, dei to dagane som kvalifiserte til vinter med ein døgnmiddeltemperatur under null.

Hemsedal hadde det fyrste vinterdøgnet alt den 5. i månaden. Det er tre veker tildlegare enn normalt.

Ekstremt lufttrykk

Det var likevel verken temperatur eller nedbør som var det mest spesielle med årets oktober. Det var det luftttrykket som var.

- Det kraftigaste lufttrykket me har hatt i oktober nokon gong, på line med dei kraftigaste vinterhøgtrykka, kunne meteorologane på Blindern fortelje.

I Hallingdal er det offisielle målingar av lufttrykk ved vêrstasjonane i Dagali, Hemsedal og Nesbyen. Normalt relativt lufttrykk er 1013 hektopascal (hPa). Den 5. oktober noterte Dagali 1052,8 hPa, Nesbyen 1051,6 hPa og Hemsedal 1051,0 hPa. Alle stader er det nye oktoberrekordar. For Nesbyen er dette også absolutt rekord, uavhengig av månad. Det høgaste lufttrykket som er målt i Hallingdal, er frå Dagali i januar 2012 med 1057,8 hPa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nedbørfattig

Alle målestasjonar i dalen fekk vesentleg mindre nedbør enn normalt. Tuftelie, som fekk mest, nådde berre 53 prosent av normalen.

Nedbørfattige Nesbyen fekk berre 8,8 mm. Berre éin gong i løpet av dei siste 30 åra har det kome mindre nedbør der i oktober (2007).

Det fyrste døgnet i november fekk både Nesbyen og Gol meir nedbør enn i heile oktober månad.

November

Vêrstatistikar Bernt Lie konstaterer at rekordhøgtrykket i oktober gjorde at prognosen hans for den månaden enda opp som heilbom. I november forventar han ei meir normal fordeling av høgtrykk og lågtrykk. Det indikerer ein månad med middeltemperaturar innan éin grad over det normale. Og kanskje ein dag eller to med opp mot 15 grader synst i dalen.

- Nedbøren i nord og nordvest kan nå opp mot det normale, elles berre 60 – 70 prosent av normalkvote, meiner han.